Fleire jobbar paa heimekontor igjen
MANGE PÅ HEIMEKONTOR: Ved hovudkontoret til Mørenot jobba mange framleis på hjemmekontor i midten av mai. Personalsjef Lars Kaggerud fortalde om positive erfaringar.
Nytt

Fleire jobbar på heimekontor igjen

Trenden har svinga tilbake etter sommaren, ifølgje undersøking. 

16.09.2020
(NPK-NTB): Éin av tre arbeidstakarar opplyser no at dei hovudsakleg har heimekontor. Det er færre enn i mars og april, men fleire enn i august.
Det viser undersøkinga . Til saman har 21.000 nordmenn fått spørsmålet.
– Vi går inn i hausten med auka smittetrykk og som eit raudt koronaland. Det betyr at heimekontor igjen er i ferd med å bli det normale for mange, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
I mars og april, då dei strengaste koronatiltaka var i kraft, gav nærare seks av ti opp at dei hovudsakleg hadde heimekontor. Sidan då har bruken av heimekontor falle, men aukar no igjen i september.

Les også:



Fryktar for skiljet mellom jobb og privatliv

Arbeidstilsynet har fått ein ny rapport om arbeidslivet i framtida, som er bestilt av alle dei nordiske arbeidstilsyna. Der blir det åtvara om utfordringar rundt bruk av heimekontor.
– Utfordringane dreier seg om teknostress, psykososial belastning og fleire livsstilssjukdommar, som til dømes hjarte- og karsjukdommar og muskel- og skjelettlidingar. Meir skjermtid, stillesitjande arbeid og dessutan ein arbeidskvardag som strekker seg frå kontorbordet til nattbordet aukar faremomenta, seier overlege Yogindra Samant ved Arbeidstilsynet.
Sjølv om heimekontor kan bidra til meir uklare grenser mellom jobb og privatliv, kan det òg gi meir fleksibilitet, understrekar han.
Arbeidstilsynet har sett i gang eit arbeid med å sjå på konsekvensar, fordelar og ulemper med langvarig heimearbeid. I tillegg vurderer dei om regelverket må endrast for at det skal vere meir i tråd med dagens situasjon.

Usemje om digitale møte

I Koronamonitor-undersøkinga gir opp 77 prosent av dei som er i arbeid, at dei har delteke på digitale møte under koronaperioden. Her er det store forskjellar i oppfatninga av kor effektive møta er. 37 prosent meiner digitale møte er meir effektive enn fysiske møte, 33 prosent meiner dei er mindre effektive, og 24 prosent meiner dei er like effektive.
Dei under 30 år gir i størst grad opp at dei digitale møta er mindre effektive, medan dei i 40-åra og folk i Nord-Noreg oppgir at møta er meir effektive.

Les også

:

Analyse:


Synspunkt:


Publisert: 16.09.2020 15:15

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:20