Fleire har problem med aa betale bustadlaan
Nytt

Fleire har problem med å betale bustadlån

Omfanget av misleghalde lån hos Sparebank 1-kundar er meir enn dobla i første kvartal. Og no kjem rentekutta frå fleire bankar.  

Marius Rosbach
08.05.2020
I Sparebank 1 SMS sin rapport for første kvartal kjem det fram ei kraftig auke i verdien på lån som er misleghaldt med meir enn 90 dagar. For heile konsernet utgjorde desse låna verdiar for 288 millionar i første kvartal i fjor – medan verdien no er meir enn dobla til 649 millionar.
Det er størst auke av kundar som har problem med å betale bustadlåna sine, ifølgje banken.
Samla sokalla problemlån i Sparebank 1 Gruppen er på 2,7 milliardar – opp frå 1,8 milliardar i fjor. Det utgjer likevel ikkje meir enn 1,6 prosent av dei samla utlåna.

Meir usikker bustadmarknad

I kvartalsrapporten for blir det peika på auka usikkerheit om korleis bustadprisane vil utvikle seg, og vist til at prisane gjekk ned i mars.

Ferske tal frå Eiendom Norge denne veka, , ei utvikling som overraska fleire.
Noregs Bank opplyste torsdag at dei trur bustadprisane vil falle med rundt fem prosent det neste året og sette for første gong ned styringsrenta til 0.

Les også:


Fleire kuttar renta

Fleire bankar har følgt etter og kuttar rentene til sine kundar. Danske Bank var først ute med å melde om eit kutt på 0,4 prosent.
Også Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre, Sparebank 1 SMN, Nordea og DNB har fredag gjort det same.
Alle rentekutta gjeld frå 25. mai for eksisterande kundar - borsett frå Sparebanken Møre, der rentekuttet gjeld frå 28. mai.

Færre søkte om utsetting i april

Meir enn 5000 av Sparebank 1 SMN sine kundar har fått innvilga avdragsfriheit i opptil seks månader. Banken har også bidrege med auka likviditet og gitt forskott på dagpengar i påvente av saksbehandling i NAV.
Etter sterk vekst i søknadar om betalingsutsetting frå privatmarknaden i mars, normaliserte situasjonen seg i april. Banken meiner det tyder på at tiltaka treff kundar som i ein normalsituasjon har god betalingsevne, men der ein eller fleire i hushaldinga er råka av koronakrisa.
I kvartalsrapporten som kom fredag morgon blir det påpeika at det er stor usikkerheit kring kor lenge krisa vil vare. Det er i stor grad knytt til moglegheitene for nye smittebølger av koronaviruset, auka sparing og endra forbruksmønster, som kan dempe ein eventuell oppgang.

Større tap

Nær 70 prosent av Sparebank 1 sin portefølje er private lån. I rapporten opplyser dei at konsernet sine tap i privatmarknaden var på 49 millionar kroner første kvartal 2020, mot 11 millionar i første kvartal fjor.
Tapa på næringslivskundane til konsernet er meir enn femdobla frå 57 millionar i fjor, til 259 millionar i første kvartal i år. Eitt enkeltengasjement på 143 millionar kroner dreg opp summen.

Sparebank 1 SMN:


Publisert: 08.05.2020 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57