Fleire enn 350 i arbeid paa verftet
SYSTERSKIP: National Geographic Endurance til venstre er ferdig, medan National Geographic Resolution skal inn i dokkhallen for utrusting ved Ulstein Verft. Førebels ligg kabelskipet Nexans Aurora i dokkhallen med hekken synleg frå utsida. 
Nytt

Fleire enn 350 i arbeid på verftet

Behovet for arbeidarar ved Ulstein Verft har gått i bølger dei siste åra. No er dei på opptur med omfattande utrustning av nytt cruiseskip.

Marius Rosbach
26.10.2020
Skipsbyggingsbransjen går i syklusar som gir følger for storleiken på arbeidsstokken. Det har arbeidarane ved Ulstein Verft fått erfare dei siste åra.
Etter at skroget til eit , går det på «høygir» kan kommunikasjonssjef Tonje Øyehaug Ruud stadfeste til NETT NO. Frå før har dei det store kabelskipet Nexans Aurora inne til utrustning.

350 tilsette pluss innleige

Til saman gjer dei to skipa at det no er 350 tilsette innafor portane på verftet, i tillegg til ein rekke innleigde arbeidarar.
Det er truleg noko av det høgste talet som har vore i arbeid ved verftet dei siste fem åra. Konsernet er også ei stor lærebedrift, og har for tida 27 lærlingar inne fordelt på fleire selskap.
Då verftsbransjen hadde som mest å gjere med å bygge offshoreskip fram til 2014, var det fleire enn 400 tilsette på Ulstein Verft.

Bølgedalar med tal på tilsette

Etter at dei i 2015 var 378 tilsette på forretningsområdet som omtalast som «Shipbuilding», blei dei kring 100 færre verftsarbeidarar dei påfølgande åra, viser årsrapportane til Ulstein Group. Samtidig var det krevjande år med store underskot.
Frå 2018 peika pilane oppover att med 337 tilsette på verftet. Ved utgangen av 2019 var talet på same nivå og så langt i år har dei altså blitt nokre fleire.
NETT NO omtala i sommar korleis framfor arbeidet med kabelskipet til Nexans. Det nær 150 meter lange skipet, er mellom dei største verftet har utrusta og skal leverast neste sommar.

Utrustning av Lindblad-skip nr. to

No står også eit omfattande utrustningsarbeid for døra på cruiseskip nummer to til Lindblad Expeditions. Her skal det gjerast med isoleringsarbeid, elektroinstallasjonar og innreiing av passasjerdelen. Motorar og thrusterar er installert ved Crist-verftet i Polen.
Det 125 meter lange skipet skal etter planen skal leverast i løpet av neste år. Namnet blir Nathional Geographic Resolution, etter favorittskipet til den kjente kapteinen James Cook.
Systerskipet National Geographic Endurance vart levert frå verftet i mars, men ligg framleis til kai i Ulsteinvik grunna koronapandemien. Skipet skal ut på jomfrutur så snart Lindblad tek opp att cruiseaktiviteten.

Håpar framleis på plusstal

Før koronapandemien trefte skipsbyggingsbransjen, låg Ulstein Group an til det første overskotet sidan oljefallet. Leiinga har om svarte tal for 2020.
Medan verftet har trekt lønnsemda i konsernet kraftig ned dei siste åra, gjekk Ulstein Design & Solutions med overskott i 2019 for første gong sidan 2015. I dei sama åra har konsernet gått frå fleire enn 700 tilsette i 2015, til 549 ved utgangen av fjoråret.

Les også:






2019-resultatet:


Publisert: 26.10.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03