Fleire drukningsulukker fraa fritidsbaat
REDNING: Mannskap på redningsskøyta Erik Bye i arbeid. 
Nytt

Fleire drukningsulukker frå fritidsbåt

To drukningsdødsfall i september i Møre og Romsdal.

09.10.2019
NPK: To av dei tre personane som døydde som følgje av drukning i september, omkom i kantringsulukker med fritidsbåt.
Redningsselskapets drukningsstatistikk viser at 24 personar har omkomme som følgje av drukning i samband med bruk av fritidsbåt, inkludert kano/kajakk, i årets ni første månader.
To av drukningsdødsfalla i september skjedde i Møre og Romsdal. Ein latvisk fisketurist omkom då ein skjergardsjeep kantra utanfor Averøy. Dei tre andre om bord klarte å ta seg til land. I Halsa blei ein mann i 60-åra funnen omkommen etter at ein nabo oppdaga ein tom båt på eit vatn. Den tredje drukningsulykka skjedde i Finnmark, der ein mann blei funnet omkommen i sjøen i Honningsvåg.

19 omkomne i fjor

I heile fjor omkom 19 personar som følgje av drukning i samband med bruk av fritidsbåt, inkludert to ulykker med kano/kajakk. Størsteparten av drukningsulykkene har skjedd etter fall over bord eller kantring.
To personar omkom etter at dei fall mellom land/brygge og båt.
– Kantring held fram med å prege drukningsbiletet. No når vi er midt i hummarsesongen har vi allereie sett ulykker der kantring har ført til større redningsaksjonar. Statens Havarikommisjons rapport frå 2018 viser at halvparten av dei omkomne i 2018 drukna etter at båten hadde kantra, eller etter at dei hadde falle over bord. I dei fleste tilfelle tok det lang tid, meir enn 45 minutt, før andre var klar over at dei var i nød. Nedkjøling har sannsynlegvis bidratt til at dei omkom, seier Tanja Krangnes, seksjonsleiar for fagområdet drukning i Redningsselskapet, i ei pressemelding.
– Ta på redningsvest, bruk klede som reduserer nedkjøling om du skulle hamne i vatnet og sørg for at du kan varsle om uhellet er ute. Mange liv kunne vore redda ved tidleg varsling, seier Krangnes.

Kuldesjokk

Krangnes oppfordrar også alle til å tenkje gjennom kva dei må gjere om dei hamnar i kaldt vatn.
– I kaldt vatn reagerer kroppen med kuldesjokk. Det betyr ukontrollert gisping og hyperventilering, noko som gjer at du kan svelge mykje vatn og drukne raskt.
- Å vite at kuldesjokket går over etter rundt eitt minutt er viktig. Då unngår du panikk, og kan bruke energien på å få kontroll på pusten og halde deg flytande. Så kan du leggje ein plan for korleis du skal berge deg sjølv, seier Krangnes.
 I kaldt vatn reagerer kroppen med kuldesjokk. Det betyr ukontrollert gisping og hyperventilering

Publisert: 09.10.2019 17:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41