Fleire cruiseseselskap tilbyr skip til Havila
TERSAN: Det har vore god framdrift i arbeidet med Havila Castor og Havila Capella ved Tersan-verftet i Tyrkia, men også der merkar ein no koronautfordringar. Adm. dir. Arild Myrvoll ved Havila Kystruten får stadig fleire reserveskip å velje mellom til å setjast inn på ruta Bergen - Kirkenes.
Nytt

Fleire cruiseseselskap tilbyr skip til Havila

Først sa dei nei, men no er det fleire cruiseselskap som ønskjer å leige ut skip til Havila Kystruten.

17.04.2020
- Mykje har endra seg etter at koronakrisa slo til, seier adm. dir. Arild Myrvoll i Havila Kystruten.
Cruisetrafikken har stoppa nesten heilt opp på grunn av covid-19, og ei rekkje selskap har lagt skipa i opplag.
Det betyr også at det er ei rekkje skip tilgjengelege for Havila Kystruten, som må leige to reserveskip til å trafikkere strekninga Bergen – Kirkenes frå 1. januar neste år.
Bakgrunnen er at to av fire skip til Havila Kystruten er minst eitt år forseinka etter at byggjearbeidet med skipa Havila Polaris og Havila Pollux i august i fjor stoppa opp på det spanske verftet Hijos de Barreras, og der skipa i staden skal byggjast ved Tersan-verftet i Tyrkia.

Koronautfordringar

Der skulle dei to første skipa, Havila Castor og Havila Capella, etter planen overleverast frå verftet i november-desember, og setjast i trafikk ved nyttår. Dette kan framleis skje, men Arild Myrvoll seier at også Tersan-verftet har koronautfordringar, spesielt rundt logistikken.
- Det er krevjande å få både folk og varer inn i landet.

Myrvoll seier at det er for tidleg å fastslå om desse to skipa heller ikkje kjem i drift frå nyttår.
- Vi veit ikkje enno. Framdrifta på skipa var god, heilt til koronakrisa slo inn.

Det er ikkje berre den tradisjonelle cruisetrafikken som har stoppa opp. Det er også nesten full stopp i trafikken på Kystruten Bergen – Kirkenes, der Hurtigruten i dag berre har to skip som trafikkerer strekninga Bodø - Kirkenes.
Hurtigruten har lagt 14 av sine 16 skip i opplag, inkludert dei Kleven-bygde ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen.

Mange vilbyr skip

Myrvoll seier at Havila Kystruten følgjer med koronasituasjonen, men at ein uansett held fram arbeidet med å skaffe reserveskip som skal vere klare ved nyttår.
Han seier at det etter kvart er mange aktuelle skip å velje mellom.
- Reiarar som først sa nei til oss, kjem no med tilbod om at vi kan leige skip ettersom det er mange som fryktar at det tar lang tid før cruisetrafikken kjem i vanleg gjenge igjen.
Myrvoll viser til at sjølv om situasjonen normaliserer seg, vil det ta lang tid å reaktivere heile cruiseflåten.
- I ein slik situasjon er det det fleire selskap som vil leige vekk skip i staden for å ha skip i opplag.

Avhengig av flytrafikken

Han viser også til at flytrafikken må fungere for at cruisetrafikken skal kome tilbake.
- Det er flyselskap som opplyser at det vil ta seks til tolv månader å reaktivere rutenettet. Dette vil igjen få konsekvensar for kor fort cruisetrafikken vil ta seg opp att, også trafikken med skipa som skal trafikkere Kystruten.
Sjølv om tilboda er mange, har Havila Kystruten uansett ikkje tatt fast med noko selskap enno om leige av skip.
- Vi ønsker å sjå nærare på dei aktuelle skipa før vi signerere endeleg leigeavtale, men på grunn av reiserestriksjonar får vi ikkje gjennomført dei inspeksjonane vi gjerne vil ha først.

Får ikkje krisehjelp

Myrvoll seier at mykje er usikkert på grunn av koronakrisa. Han er også skuffa over at regjeringa så langt ikkje har opna for at oppstartselskap som taper pengar får ta del i kriseordningane.
- Vi skulle ha starta billettsalet no, og taper inntekter kvar dag framover, men får ikkje nokon kompensasjon ettersom det er krav om omsetningsfall frå året før.
- Vi ser det som urettferdig og konkurransevridande at vi som nystarta selskap, og som taper pengar på grunn av korona, ikkje skal likebehandlast med andre selskap, seier Myrvoll, som opplyser at selskapet har tatt kontakt med politikarar på Mørebenken om denne saka.

Krev 400 millionar frå Barreras

Når det gjeld konflikten med spanske Barreras seier Myrvoll at tvisten truleg hamnar i London Court ettersom kontraktane er inngått under britisk jurisdiksjon.
- Vi krev å få tilbakebetalt rundt 400 millionar kroner frå Barreras sidan selskapet sa opp kontrakten og ikkje gjorde ferdig skipa, seier Myrvoll.
Dei fire skipa til Havila Kystruten vert 124 meter lange og 22 meter breie. Dei får ein lugarkapasitet på 640 og får om bord store batteripakkar.
Totalt skal Havila Kystruten ha vel 500 tilsette, der 386 er tidlegare tilsette i Hurtigruten.

Vi skulle ha starta billettsalet no, og taper inntekter kvar dag framover, men får ikkje nokon kompensasjon ettersom det er krav om omsetningsfall frå året før

Publisert: 17.04.2020 11:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56