Fleire bonusaksjar
BONUS: Godt 2019-resultat kan gi Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset 136.986 bonusaksjar. Det utgjer fem millionar kroner med dagens kurs. Finansdirektør David Bandele, i midten i bakgrunnen, kan få 93.286 aksjar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fleire bonusaksjar

Hexagon Composites belønnar sjefane med bonusaksjar. Om 2019-resultatet blir godt nok.

29.04.2019
Til saman inntil 2,5 millionar bonusaksjar skal delast ut til leiarane i Hexagon Composites.
Kor mange det blir kjem an på 2019-resultatet, . I verste fall blir det ingenting, og beste fall 2,5 millionar aksjar på deling. Utdelinga skal skje i februar 2022.

Mest til Engeset

Det er toppsjefen, Jon Erik Engeset, og leiaren for datterselskapet Agility Fuel Solutions, Seung Baik, som får mest. I beste fall får dei 136.986 nye aksjar kvar.
Torsdag ettermiddag 11. april var Hexagon Composites verdsett til 36,50 kroner pr. aksje. Med den kursen verdien av full uttelling for Engeset og Baik aksjar for fem millionar kroner.

To millionar i gevinst

Hexagon Composites har brukt aksjar som belønning til leiinga i fleire år.
Så seint som i mars kunne Engeset innkassere ein gevinst på to millionar kroner frå opsjonar - rett til å kjøpe aksjar - han fekk våren 2016.
Kjøpekursen var 20 kroner, men Engeset og kollegaene kunne tidlegast utøve opsjonen etter at resultatet for 2018 var lagt fram. Då Engeset utøvde opsjonen var kursen 33,50 kroner pr. aksje.

Publisert: 29.04.2019 17:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34