Fleire bod paa Rolls Royce Marine
15. JUNI: Rolls-Royce har varsla ei oppdatering om status i salet av marinedivisjonen 15. juni. Har fått inn fleire bod. 
Nytt

Fleire bod på Rolls-Royce Marine

Bodgivarane og Rolls-Royce er i spørsmål og svar-runde om Rolls-Royce Marine. 

09.05.2018
Fristen for å kome med såkalla indikative bod på Rolls-Royce Marine gjekk ut i slutten av april.
No har bodgivarane fått tilgang til eit datarom - ei lukka nettside - der dei får meir detaljert innsyn i verksemda til Rolls-Royce Marine og høve til å stille spørsmål. Svara blir delt med alle bodgivarane, som brukar informasjonen til å vurdere eit endeleg bod. Prosedyren er standard for større transaksjonar.
Rolls-Royce har tidlegare informert om at selskapet vil kome med ny informasjon om framdrifta av salet av Rolls-Royce Marine på ein informasjonsdag for investorar 15. juni.

Fleire bod

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine seier Rolls-Royce har fått fleire bod på marinedivisjonen.
Rolls-Royce varsla 17. januar i år om at selskapet vurderte sal av marinedivisjonen, der Rolls-Royce Marine er den viktigaste verksemda.
Rolls-Royce Marine har 1600 tilsette i Noreg, dei fleste heimehøyrande på Nordvestlandet.

Tøft etter oljeprisfallet

Åra etter oljeprisfallet har marinedivisjonen vore dårleg butikk for Rolls-Royce.
I dei tre åra 2014-2016 er det samla resultatet før skatt i Rolls-Royce Marine as (det norske datterselskapet i marinedivisjonen) eit underskot på 3,3 milliardar kroner. Frå 2013 til 2016 er driftsinntektene nesten halvert, til 5,6 milliardar kroner.
For Commercial Marine, som den norske delen av Rolls-Royce er ein del av, enda omsetninga på i 2017 på 1077 millionar pund, ein nedgang på ni prosent frå året før, spesielt på grunn av svakare ordreinngang i offshore.

Publisert: 09.05.2018 13:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22