Fleire bedrifter naar taket
GODE TILBAKEMELDINGAR: Kontaktane i Noregs Bank sitt regionale nettverk melder om god vekst i produksjonen dei siste tre månedane. Bedriftene ventar at veksten vil halde seg oppe det neste halvåret. Det aukar truleg sjansen for at sentralbanksjef Øyvind Olsen (biletet) set opp renta til våren, trur sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre.
Nytt

Fleire bedrifter når taket

36 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har så mykje å gjere at dei har fått kapasitetsproblem. For tre år sidan svarte berre ni prosent det same.

04.12.2018
Den nyaste rapporten frå Noregs Bank sitt regionale nettverk, som blei langt fram i dag, viser ein klar auke i aktiviteten i næringslivet samanlikna med då det såg som svartast ut etter oljeprisfallet i 2014.

I løpet av tre år er det blitt fire gangar så mange bedrifter som fortel om større eller mindre grad av kapasitetsproblem.

Taket nådd

- Det tyder på at dei har nådd det taket dei er skodd for i dag, seier senioranalytikar Snorre Hammerø Moen i Sparebank1 SMN.
Det eit godt stykke opp til toppen frå rett før finanskrisa i 2008/2009, då over 80 prosent av bedriftene svarte at dei i større eller mindre grad hadde kapasitetvanskar. Rundt årsskiftet 2012/2013 svarte over 60 prosent det same, men deretter fall talet på bedrifter som sa dei hadde meir enn nok å gjere ned til under ti prosent i 2015.

Får tak i folk

Kapasitetsutfordringane er imidlertid ikkje større enn at talet på bedrifter som opplyser at tilgangen på arbeidskraft begrensar produksjonen er på omlag same nivå som seinhausten 2015, åtte-ni prosent.
Både før finanskrisa og under finanskrisa og før og etter oljeboomen fram til 2014 svinga talet på bedrifter som sa dei hadde ulik grad av kapasitetsvanskar i takt med bedrifter som sa at det var mangel på folk som hemma produksjonen.
Frå og med hausten 2015 desse to indikatorane på temperaturen ikkje svinga i takt i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Hammerø Moen tolkar det slik at bedriftene framleis er varsame med å auke bemanninga.
- Dei avventar å auke kapasiteten fordi dei er usikre på om kapasitetsbehovet vil vedvare, seier han.

Publisert: 04.12.2018 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28