Flakk med nye hotellplanar
TRIANGELTRAFIKK: Går alt som Knut Flakk drøymer om kan du sykle frå det eine Flakk Gruppen-hotellet til det tredje på eigne sykkelstiar rundt fjellet Slogen i Nordangsdalen. Allereie før bygginga av Flakk-hotellet på Ljøen i Hellesylt har starta har Flakk tenkt på bygginga av nok eit hotell - like ved alpinanlegget på Strandafjellet.
Nytt

Flakk med nye hotellplanar

Knut Flakk ber om plass til nok eit hotell i Stranda.

27.12.2019
Famileeigde Flakk Gruppen er i gang ned førebuingane for å byggje eit nytt hotell på Ljøen ved Hellesylt.
I eit brev til Stranda kommune kjem det fram at Flakk Gruppen også vurdere å byggje eit hotell til i Stranda, like ved alpinanlegget på Strandafjellet. Hotell nummer to skal ligge på sørsida av Fursetnakken av Strandafjellet, i direkte tilknytning til framtidige alpintraseear på Strandafjellet og godt plassert for langrenn og toppturaktivitetar innover Habostadalen/Liadalen og fjella omkring, heiter det i brevet.
- Det er for tidleg å seie noko om, svarar Knut Flakk på spørsmål om når det blir tatt stilling til om Flakk Gruppen skal byggje hotell ved alpinsenteret.

Sykkelveg rundt Slogen

Brevet frå Flakk Gruppen er sendt i samband med at Stranda arbeider med ein ny kommunedelplan. Det forenklar prosessen om hotellplanane skal settast ut i livet.
- Poenget er å få gitt innspel no når kommunedelplanen er under rullering, seier Flakk.
I tillegg til å be om at det vert regulert inn plass til eit hotell ved alpinanlegget på Stranda, ber Flakk Gruppen og om at det blir sett av areal for å gjere det råd å sykle utanom trafikkert veg mellom Stranda og Hellesylt og mellom Stranda og Urke.
Det betyr at det kan bli råd å sykle rundt fjellet Slogen i Norangsdalen.
"Forutan at dei to sykkelrutene vil vere svært attraktive i seg sjølve, vil ein med bruk at den vakre Norangsdalen og kunne skape eit svært interessant triangel der syklistar kan legge opp til dagsetappar mellom dei tre destinasjonane" skriv Flakk Gruppen.
Blir det hotell ved alpinanlegget på Stranda vil Flakk Gruppen har tre hotell langs sykkelruta, på Stranda, på Øye i Norangsdalen og på Ljøen ved Hellesylt.

Satsar på reiseliv

I tillegg det komande hotellet på Ljøen ved Hellesylt eig og driv Flakk Gruppen Hotel Union på Øye i Norangsdalen, Storfjord Hotel i Skodje og Hotel Brosundet i Ålesund.
I haust har Flakk og lansert planar om ei gondolbane frå Flakk Gruppen sitt kjøpesenteret ved den tidlegare Devoldfabrikken i Langevåg og opp på Sulafjellet.
Flakkgruppen er og leiande partnar i satsing på å etablere hydrogenproduksjon på Hellesylt og utsleppsfri skipstrafikk på Geirangerfjorden.

Publisert: 27.12.2019 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48