Flakk formue opp 900 millionar
KURSHOPP: Verdien av Knut Flakks aksjar i Hexagon Composites er omlag dobla på eitt år. Det løftar han frå 170. til 119. plass på Kapital si liste over dei 400 rikaste i Noreg.
Nytt

Flakk-formue opp 900 millionar

Knut Flakks formue har auka frå 1,8 til 2,7 milliardar kroner sidan i fjor. Andre nordvestlendingar på lista over Norges rikaste måtte sjå formua blir redusert eller stå stille.

25.09.2020
Flakk klatrar frå 170. til 119.plass på magasinet si årlege rangering av dei 400 rikaste i Noreg.
Fleire av nordvestlendingane over han på lista måtte sjå formua si blir redusert eller stå stille i fjor, men ei dobling av verdien på aksjane i Hexagon Composites har gjort dei siste 12 månadane gode for Flakk og familien.
Hexagon Composites lagar drivstofftankar og store transportable tankar i komposittmateriale for naturgass og hydrogen (hydrogenverksemda er i ferd med å bli skilt ut i eit eige selskap). Flakkfamilien er nest største aksjonær i selskapet.

Ser på kven som bestemmer

Kapital vurderer marknadsverdien av det dei som står på liste eig, og presenterer lista mellom anna som eit korrektiv til tala i dei årlege skattelistene.
Når det er snakk om familiar, blir formua plassert hos den Kapital meiner bestemmer - uavhengig av det formelle eigarskapet. Det gjer mellom anna at Per Sævik har ei formue på fire milliardar kroner (ned frå 4,15 milliardar), sjølv om han berre eig 10 prosent i familieselskapet.
Sævik har fleire nordvestlendingar over seg på lista; Kjell Inge Røkke på 6. plass med 27,5 milliardar i formue (ned åtte milliardar), Bjørn Rune Gjelsten på 14. plass med 13,5 milliardar i formuen (opp 2,1 milliardar) Lars Wenaas, som deler 14. plassen med Gjelsten etter eit fall i formue på 3,6 milliardar kroner frå i fjor og Olav Nils Sunde på 43. plass med 5,25 milliardar i formue (ned med 4,25 milliardar).
Av desse er det berre Sævik og Wenaas som bur på Nordvestlandet.

Brønnbåt-reiarar

Formuen til brønnbåtreiarane Odd Einar Sandøy i Rostein (nummer 117, med 2,8 milliardar i formue) og Roger Halsebakk i Sølvtrans (nummer 155 med 2,1 milliardar i formue) er vurdert til å vere omlag uendra.
Rune Stokke er på 121. plass med 2,65 milliardar (opp med 250 millionar).
Det er og formuen til Brødrene Sunde-eigar Karl Johan Sunde (nummer 179 med 1,95 millardar i formue)
På lista er og Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt (nummer 211, 1,65 milliardar kroner i formue), Anders Pedersen (nummer 214, 1,6 milliardar), Nils Wenaas (nummer 231, 1,5 milliardar), Hans Joakim Giørtz (nummer 262 1,3 milliardar); Bjarne Haagensen (nummer 262, 1,3 milliardar) og Inge P. Huse (nummer 348, 1 milliard).

Publisert: 25.09.2020 16:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03