Flakk fisjonerer i Hexagon
BØRSHOPP: Kraftig verdihopp på Knut Flakk sine aksjepostar i Hexagon Composites.
Nytt

Flakk fisjonerer i Hexagon

Har auka aksjeformuen med ein halv milliard kroner i år.

16.05.2019
Hexagon Composites er av dei store børsvinnarane i år. Ved nyttår stod kursen i 24,45 kroner aksjen, og total verdi var 4,4 milliardar kroner.
Ved børsslutt onsdag, stod kursen i 41,40 kroner, og den totale verdien hadde auka til vel 7,5 milliardar kroner.

1214 millionar

Dette har gitt Knut Flakk eit skikkeleg verdiløft på sine Hexagon-investeringar.
Ved starten av året sat flakk på aksjar for 717 millionar kroner. No er verdien 1214 millionar kroner.

Nye selskap

No tek Flakk grep og fisjonerer ut 25 millionar Hexagon-aksjar og plasserer dei i to nye selskap, opplyser Hexagon i.
Etter fisjonen vil selskapet Flakk Rollon sitje på 2,37 prosent av aksjane, medan Flakk Composites vil ha 10,91 prosent og KF Finans 2,73 prosent.
Flakk Composites er eit heileigd selskap av Flakk gruppen, der Knut Flakk har 98,7 prosent av aksjane.
Fisjonane vil ikkje endre aksjesitsen til Knut Flakk og familien.
Fisjonen ver venta å finne stad i tredje kvartal.

Publisert: 16.05.2019 09:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35