Fjord1 valde paa nytt Tyrkia
TYRKIA: Møkstrafjord får plass til 130 bilar og 299 passasjerar, og vil ha elektrisk framdrift med konvensjonell reserveløysing.
Nytt

Fjord1 valde på nytt Tyrkia

Tersan-verftet i Tyrkia skal byggje to store el-ferjer for Fjord1. Ei mindre el-ferje skal byggjast ved Havyard.

24.05.2017
Dei Tyrkia-bygde ferjene er to nye ferjer som frå 2018 skal inn på sambandet Krokeide - Hufthamar i Hordaland.
Ved Tersan-verftet vert det no bygt to elektriske Fjord1-ferjer. Dei skal inn på sambandet Lote-Anda i Nordfjord.
I ei pressemelding frå Fjord1 vert det opplyst at den første ferja som skal inn på sambandet Krokeide - Hufthamar får namnet Møkstrafjord, og vert ei ferje med plass til 130 bilar og 399 passasjerar.
Denne ferja skal inn i ruta 1. januar 2018.
Den andre ferja skal vere i drift på sambandet i midten av 2018. Namnet vert Horgefjord, og ferja vil få plass til 120 bilar.

Plugin hybrid

Begge ferjene på sambandet vil ha elektrisk framdrift, med plugin hybrid-teknologi. Ladinga vil skje ved ferjekaiene.
Selskapet opplyser at dersom problem oppstår, kan ferjene koplast over til konvensjonell framdrift.
I midten av 2018 kjem det også ei ny ferje inn på sambandet Husavik - Sanvikvåg, på det sørlege sambandet mellom Austevoll og omverda.

Havyard

Denne ferja får plass til 38 personbilar, men til liks med Tyrkia-ferjene får også denne siste ferja elektrisk framdrift i rutefart.
Denne siste ferja skal byggjast ved Havyard i Leirvik.
- Austevoll vil i løpet av 2018 vere kommunen med flest elektriske ferjer, og blir eit samfunn som nasjonalt ligtg i forkant for banebrytande, miljøvenleg transportteknologi, seier driftsingeniør André Høyset i Fjord1, i pressemeldinga.
Austevoll vil i løpet av 2018 vere kommunen med flest elektriske ferjer

Publisert: 24.05.2017 09:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09