Fjord 1 skal bygge fire nye ferjer
SNART KLAR: André Høyset (t.v), konstituert administrerande direktør i Fjord1, og Oddmund Sylta, direktør i Skyss etter signering av den første ferjeavtalen med Hordaland fylke i fjor. No har reiarlaget vunne fire strekningar til, og bestemt seg for å bestille fire nye ferjer.
Nytt

Fjord 1 skal bygge fire nye ferjer

Fjord 1 har vunne konkurransen om fire nye samband i Hordaland. Det betyr bygging av fire nye ferjer.

31.03.2017
Ferjereiarlaget har fått jobben med å trafikkere strekningane Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes, Skjersholmane-Ranavik, Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes og Jondal-Tørvikbygd,
Dei fire sambanda skal trafikkerast av seks ferjer, og administerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord 1 seier til NETT NO at reiarlaget vil tinge fire nye ferjer og bygge om to eldre ferjer for å trafikkere dei fire strekningane.

Ni nye ferjer

Tidlegare i mars vann Fjord 1 oppdraget med å trafikkere strekninga Hareid-Sulesund og Aursnes-Magerholm til og med 2030.
Der er Fjord 1 i gang med å innhente tilbod på i alt fem nye ferjer, i ein kontrakt som NETT NO tidlegare har anslått vil vere på rundt ein milliard kroner til saman.

Dei ni nye ferjene Fjord 1 skal tinge i år kjem på toppen av tre nye ferjer som blei bestilt hos Havyard Group sitt skipsverft i Leirvik i Sogn i desember i fjor.

Fekk halvparten

I alt vart åtte samband fylkeskommunen har ansvaret for tildelt i denne omgang. Tre gjekk til Boreal, eitt til selskapet Wergeland, og altså fire til Fjord 1.
Eitt samband skal vere heilelektrisk, medan sambanda Boreal og Fjord 1 skal drive skal vere delvis elektrisk drivne. Kontraktene til Boreal og Fjord 1 gjeld frå 1. januar 2020, og varer i ni pluss eitt år.

100 millionar ekstra

Hordaland fylkeskommune anslår at utsleppskrava til dei åtte ferjene gir årlege 100 millionar kroner i ekstra driftskostnadar samanlikna med dagens ferjer.
Dette er den andre runden av tildeling av fylkeskommunale ferjesamband i Hordaland der Fjord 1 sikrar seg nye oppdrag
I oktober i fjor tildelte fylkesutvalet den første ferjekontrakten med høg grad av elektrifisering til Fjord 1 på sambanda Leirvåg-Sløvåg, Fedje-Sævrøy, Hufthamar-Krokeide, Husavik-Sandvikvåg, Hatvik-Venjaneset, Halhjem-Våge og Langevåg-Buavåg.

Etter dette gjenstår to av dei 16 fylkesvegferjene i Hordaland: Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad og Fjellbergsambandet. Forhandlingane om desse sambanda er ikkje sluttførte og vil bli tildelt seinare, skriv fylkeskommunen.

Plaster på såret

Fjord 1 tapte i fjor Ferjereiarlaget vann i går oppdraget med å trafikkere strekninga Hareid-Sulesund og Aursnes-Magerholm til og med 2030. om å trafikkere riksvegsambandet mellom Sandvikvåg-Halhjem sør for Bergen.
Kontraktane om fylkesvegsambanda er er godt plaster på såret. Når alle fylkesvegsamband er tildelt vil Fjord 1 ta stilling til kor mange nye ferjer som skal byggast, sa konstituert administerande direktør Andrè Høyset til NETT NO i fjor.
Gjennom Havila Holding er Per Sævik og familie største aksjonærar i Fjord 1 og Havyard Group. Havila Holding eig og 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 31.03.2017 14:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07