Fjernstyrt seglskip skal kartlegge krillen
REISER ÅLEINE: Sailbuoy er ein liten med farkost med segl som kan programmerast og fjernstyrast frå land og operere i månadsvis på eiga  hand medan den sender informasjon heim.
Nytt

Fjernstyrt seglskip skal kartlegge krillen

Eit lite, fjernstyrte seglskip skal leite etter krill i Antarktis for Kjell Inge Røkke-selskapet Aker Biomarine.

31.10.2018
Over 10 år har forskarar ved Christian Michelsen Reseach (CMR) i Bergen arbeidd med å utvikle Sailbuoy, ein cirka to meter lang farkost til rundt ein million kroner som mellom anna kan utrustast med ekkolodd, og operere på eiga hand i månadsvis medan den sender informasjon heim. Dermed kan fiskarar og forskarar følgje med på fiskebestandane utan å sende dyre og energikrevande båtar ut på jakt.
I sommar og haust segla ein Sailbuoy frå St. John på Newfoundland tvers over Atlanteren og heim til Bergen. Den skulle eigentleg berre til Irland, men då det ikkje var nokon der som kunne plukke den opp fjernstyrte forskarane berre fartyer til å halde fram heilt til Bergen.
Torsdag 1. november får deltakarane på seminaret "Digital Harvesting" i Ålesund ein smakbit på kva Sailbuoy kan brukast til, når CMR og Aker Biomarine stiller for å fortelje om planane om å bruke slike farkostar i krillfisket i Antarktis komande sesong.

Fullt hus

"Digital Harvesting" har allereie over 150 påmelde, som betyr at det er meir enn fullt.
Poenget med seminaret er å informerer om korleis bedrifter innan fiskeri og havbruk kan dra nytte av digitalisering og ny teknologi.

Kommersiell for to år sidan

For to år sidan kommersialiserte CMR Sailboy-prosjektet. No er det selskapet Offshore Sensing, med CMR som største eigar, som driv med sal og marknadsføring.
Førebels er det forskingsinstitutsjonar som er største kunde. Slik er det også om fem år, ventar dagleg leiar David Robert Peddie. Men målet er at også private selskap i løpet av den komande femårsperioden får opp augene for nytten av å ta i bruk Sailbuyo.
- Eg håpar at vi då har kome inn i industriar som fiskeri, olje og havvind, seier Peddie.

Publisert: 31.10.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27