Fiskerstrand droppar Baltikum
KUTTAR BAND. Konkurransen i marknaden gjorde ideen om ei norsk-baltiske verftsgruppe om frå ei pengemaskin til eit mindre lønsamt prosjekt. No avviklar konsernsjef Rolf Fiskerstrand samarbeidet og hentar skrog frå Tyrkia i staden.
Nytt

Fiskerstrand droppar Baltikum

Rolf Fiskerstrand og estiske Fjodor Berman var i ferd med skape ein norsk-baltisk verftsuksess. Så kom finanskrisa. No er det slutt.

03.02.2014
Fiskerstrand Holding avviklar samarbeidet med Western Shipyard i Klaipeda i Litauen. Fiskerstrand kjøper sin tidlegar samarbeidspartnar ut av det felleseigde Fiskerstrand BLRT, og går for skrogbygging i Tyrkia i staden.
Det har blitt for dyrt å bygge Litauen. 16 skip er bygd eller under bygging gjennom Fiskerstrand BLRT as, men skroga til dei seks siste skipa er alle bygd i Tyrkia.

Verne

heimegarden

Avgjerda om å avvikle samarbeidet vart tatt ifjor, og gjennomført før årsskiftet.
Alternativet til å avvikle samarbeidet var å flytte meir ferdiggjering frå Fiskerstrand til Litauen. Det blei diskutert, vedgår Rolf Fiskerstrand, men lokka lite.
- Vi vil verne heimegarden, seier han.

Optimistisk start

Fiskerstrand har bygd skrog i Litauen heilt sidan 1999/2000. Samarbeidspartnaren har heile tida vore Western Shipyard i Litauen, som har ein av Estlands rikaste personar, Fjodor Berman, som eigar - gjennom BLRT Grupp i Tallin i Estland.
Samarbeidet blei så godt at dei bestemte seg for å etablere Fiskerstrand BLRT as i 2007, og eige det 50/50.
- Vi var på ein god trend, og vi tente gode pengar, seier Rolf Fiskerstrand.

Doble kapasiteten

Fiskerstrand BLRT skulle stå for sal, marknadsføring, utvikling, finansiering og inngå kontrakter, medan samarbeidspartnarane sine verft skulle stå for bygginga. Inne i Fiskerstrand BLRT låg og designselskapet Multi Maritime i Førde, som blei kjøpt i 2010. No blir det eit heileigd dotterselskap i Fiskerstrand-konsernet.
Skroga skulle byggjast på verftet i Litauen og utrustast på verftet i Sula.
Optimismen var stor då Rolf Fiskerstrand blei intervjua av Dagens Næringsliv under Nor-Shipping i 2007. Kapasiteten kunne doblast.
- Dette er vår måte å vekse på, sa Fiskerstrand.
Fleire ferjer, større innpass i marknaden for fiskebåtar og kanskje til og med offshorefarty sto på planen. Etterkvart skulle dei enklaste skipa byggast heilt ferdig i Litauen, og dei meir avanserte utrustast på verftet i Sula.

Finanskrisa i fleisen

Våren 2011 kom både Kong Harald og Litauens president på besøk til Fiskerstrand under eit statsbesøk.
- Vi nyttar oss av de store moglegheitene som ligg i eit samarbeid mellom våre land. Det er ein unik forretningsmodell som har vekt interesse frå mange hald, sa Fiskerstrand til NTB den gongen.
No går han på verftskaia, nesten tre år etter.
Ei stor ferje ligg i flytedokka, ei gamal hurtigrute, ein norsk fiskebåt og ein russisk trålar ved kai. Ei ferje til Boreal Transport Nord har nettopp forlatt verftet og skroga til to fiskefôrfarty kjem til utrustning om eit nokre månader.
Rundt 300 personar er i sving på nybyggings- og reparasjonsverftet, den største private arbeidsgivaren i Sula kommune.
Verftet har nettopp signert ei på to nye ferjer, så det er slett ikkje ille. Men det kunne vore langt større.
Fiskerstrand skyt fram ei hand, og teiknar ei vekstkurve i lufta.
- Hadde det ikkje vore for finanskrisa hadde vi hatt det fantastisk.

Prisfall etter krisa

Finanskrisa gjorde at marknaden for Fiskerstrand sine farty generelt, og ferjene spesielt, fall heilt saman. Då den byrja å ta seg opp att var det ikkje lenger råd å oppnå gamle prisar, konkurransen var blitt for hard.
Kombinasjonen baltisk skrogverft og norsk utrustingsverft gjekk ikkje. Fiskerstrand BLRT måtte finne rimlegare skrogleverandørar om det framleis skulle vere butikk i å utruste skip i Noreg.
- Vi blei rett og slett for dyre, seier Fiskerstrand.

Eitt verft i Tyrkia

Rolf Fiskerstrand seier partnarane i Fiskerstrand BLRT skilles som vener, og at han framleis har tru på samarbeidsmodellen som vart vald. Skulle tilhøva falle til rette kan det kan hende blir samarbeid på nytt.
- Vi er veldig gode vener, men fann at vi var komne til eit vegskille, seier han.
I Tyrkia har Fiskerstrand bygd alle sine skrog på eitt verft, Ada Shipyard i Tuzla i Istanbul.
- Så lenge dei ligg innanfor det vi er fornøgde med, så er dei det verftet vi vil velje, seier Fiskerstrand.
Førebels er eit tettare samarbeid, etter den norsk-baltiske modellen, ikkje eit tema, i følgje Fiskerstrand.

Omorganiserer konsernet

Slutten på det norsk-baltiske samarbeidet fører til omfattande omorganisering i Fiskerstrand-konsernet.
I løpet av 2014 skal den nye konsernstrukturen vere på plass.
Morselskapet i konsernet blir Fiskerstrand Holding. Holdingselskapet får tre dotterselskap under seg, eitt for eigedom (Fiskerstrand Eiendom), eitt for skipsbygging (Fiskerstrand Verft) og eitt for skipsdesign (Multi Maritime i Førde).
Medan nybyggingskontraktar før blei gjort gjennom Fiskerstrand BLRT, skal dei heretter gjerast gjennom dotterselskapet Fiskerstrand Verft. Det same gjeld skipsdesignkontraktane, som skal gjerast gjennom Multi Maritime.
Rolf Fiskerstrand er konsernsjef i den nye strukturen, Peter Tennfjord sjef for verftselskapet, Gjermund Johannessen sjef for Multi Maritime og Geir Sandvik finanssjef og leiar for eigedomselskapet.
Hadde det ikkje vore for finanskrisa hadde vi hatt det fantastisk

Publisert: 03.02.2014 06:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31