Fisken staar djupare
LOKALT DESIGN: Roy Skår (innfelt t.v.) i reiarlaget Skår Senior gjekk for Richard Gjerde og Marin Teknikk som designarar av den nye båten som vert åtte meter lengre enn MS Jøkul. 
Nytt

– Fisken står djupare

Tryggleik og betre komfort for mannskapet, men også moglegheiter til betre fangst, er mellom årsakene til at Skår Senior bygger nytt.

Marius Rosbach
20.05.2019
Måndag kunne reiarlaget Skår Senior AS frå Kvalsvika i Herøy fortelje at dei hadde for ringnot og tråling.
Eit anna Herøy-firma, Marin Teknikk i Dragsund, som får namnet Skår Senior. I løpet av sommaren vert det truleg valt ei norsk byggeverft til fartøyet som skal stå klart i løpet av 2021.
Les også:

Betre komfort, tryggleik og fiske

– Vi får ein større båt med betre komfort for mannskapet. Den nye båten vert også rigga for tråling fordi fisken av og til på året er betre tilgjengeleg med trål. Utviklinga går i retning større båtar, seier reiar og skippar Roy Skår til NETT NO.
Det familieeigde reiarlaget var tidlegare i kystnot, men overtok 2007-bygde MS Jøkul i 2011. Om bord er det i hovudsak lokale folk. Ein åtte meter lengre båt enn dagens MS Jøkul gir betre stabilitet og tryggleik når dei går lengre til sjøs.
Reiarlaget har kvoter på 2500 tonn NVG-sild, 1000 tonn makrell og 800 tonn nordsjøsild. Lodde vart det ikkje i år.
– Det har vore ei utvikling dei siste åra med at fisken står djupare enn før og er litt meir vanskeleg tilgjengeleg. Spesielt om hausten kan det vere eit problem å få NVG-silda som vi har ei ganske stor kvote på. Vi har også ofte fått betre pris om hausen, seier Skår om kvifor dei ser fram til å få «nyebåten» på sjøen.
Les også:

Nybyggingsordning

Roy Skår og systera Janita eig til saman 90 prosent i Skår Senior, medan syskenbarnet Jan-Arve Drabløs eig ti prosent i reiarlaget frå Kvalsvika. Den nye båten vert finansiert via lokale bankar og ei nybyggingsordning Skår veit å sette pris på.
– Med den kan vi ha kvotene i to år utan å ha båt på dei. Slik kan vi leige tilbake MS Jøkul om vi sel den og fiske kvotene i 2020 og 2021. Det er ganske genialt når vi skal byggje nytt, at vi kan selje den vi har, medan vi byggjer ny båt. Det er ein kjempefordel. Då slepp vi å ha det hengande over oss, seier Skår.

Reiarlaget undersøkte litt kring den nye ordninga til Eksportkreditt også, men kom til at det ikkje var aktuelt for dei.
Les også:
Skår gler seg til ny båt, men i første omgang ser han fram til å komme ut på fiske igjen. No er det sild som står for tur.
– Eg elskar livet som fiskar. Å få stå opp i Nordsjøen i slikt ver og skulle jakte fisk medan sola kjem opp over horisonten, er berre alle tiders, seier Skår.
Den nye båten vert 48 meter lang og 12 meter brei med lastekapasitet på 500 kubikkmeter.
Det har vore ei utvikling dei siste åra med at fisken står djupare enn før og er litt meir vanskeleg tilgjengeleg

Publisert: 20.05.2019 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35