Fiskefesten held fram
FIKSKEFEST: Det går mot eit nytt godt år for norsk fiskerinæring, fastslo sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness under ein konferanse i Ålesund torsdag.
Nytt

Fiskefesten held fram

Men sjømatanalytikar meiner at det ikkje vert like gøy som dei to siste åra.

10.01.2019
- Festen held fram inn i 2019, men ikkje like gøy som i fjor.
Det fastslo sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea under Ombordfrystkonferansen i Ålesund torsdag.
Konferansen var i regi av Norges Sjømatråd, Fiskebåt og Nordea, med heile 260 deltakarar i salen.

Stor valutagevinst

Og Egeness fastslo at fjoråret gjekk langt over forventingane, mykje på grunn av valuteeffekt, gode tider i rekefisket og stor etterspørsel etter torsk.
Ved fjorårets konferanse spådde også Egeness eit godt år i 2018, men han trudde då ikkje at krona ville svekke seg ytterlegare frå eit allereie lavt niåv.
- Krona vart mykje svakare enn vi trudde, fastslo Egeness, som grunngav den auka svekkinga med oljeprisfallet, bustadprisfall, svekkinga av Oslo Børs og store aktørar satsa på tryggare valutaer som Euro og USD.

Torsketrål best

Han viste til at førstehandsprisen av torsk hadde auka med 70 prosent sidan 2012, og kom i fjor opp i sju milliardar kroner.
- Halvparten av auken kan tilskrivast valuta, sa han.
Best lønsemd hadde torsketrål, med line deretter.
- Både vi og andre bankar ser med auka interesserte på linebåt.

Større interesse for sei

Egeness trudde på framleis høge torskeprisar, men trudde også at seiprisane ville auke.
- Blant anna er det stigande etterspørsel etter klippfisk av sei.
Han trudde på stabile rekeprisar. Det same med lange og brosme.
- Det ser slett ikkje verst ut.

Publisert: 10.01.2019 15:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30