Fiskarane etterlyser at staten tek ansvar
ETTERLYSER KLARARE REGLAR: Olav Remøy og Kristin Remøy har så langt brukt over tre millionar kroner på advokatar etter at fiskebåten "Remøy" tidlegare i år blei arrestert etter fiske i russisk sone. Dei er samd med Paul-Harald Leinebøs (i midten) forslag om klarare reglar og instruksjonar for fiske og kontroll når norske fiskarar fiskar i utanlandske farvatn. 
Nytt

Fiskarane etterlyser at staten tek ansvar

Styresmaktene må ta ansvar for å gi fiskarane klarare informasjon om reglane for fiske i andre land sine soner, seier Paul Harald Leinebø, leiar for Fiskebåt Vest.

01.12.2017
Søskenparet Kristin og Olav Remøy sine erfaringar med fiskebåten "Remøy" er skrekkeksempelet på kor gale det kan gå når regelverk og kontrollrutiner er uklare.
Så langt har dei brukt over tre millionar kroner på advokat og dei veit framleis ikkje kva som blir utfallet etter at båten vart arrestert (og seinare frigitt) i russisk sone i vår, sa Leinebø i talen på årsmøtet i Fiskebåt Vest i Ålesund i dag.
Neste rettsrunde i saka er 8. og 11, desember i år, i følgje Kristin Remøy.

Klare avtalar

Leinebø sitt syn er at styresmaktene må ta større ansvar for informasjon og avklaring når det blir forhandla fram avtalar om at norske og utanlandske fiskarar får fiske i kvarandre sine farvatn. Avtalane må også innhalde tidsfristar og varsling, som gjer at det ikkje er råd å endre reglane over natta.
- Poenget mitt vedrørande avtalar med andre land må vere at når avtalane for kvotane blir inngått vert det automatisk forhandla fram ein avtale om korleis fiskeriet skal utøvast i desse sonene. Då vil rederia få eit notat og det vert enklare for skipperane å handheve og uproblematisk for kontrollørane å sjekke, seier Leinebø.
Det er Olav Remøy samd i.
- Vi fiskar i andre land sine soner utan å vite reglane, seier han.

Arrest

Få ville inn i Russland før reketrålaren Remøy vart tatt i arrest i vår, færre etter at reiarlaget vart ilagt 30 millionar ei bot. Bøtlegginga er anka og saka ikkje avgjort.
Båten vart arrestert på grunn av ein feil i eit rapporteringsskjema som var utfyllt av Fiskeridirektorartet.
Les meir om Remøy-saka under Relaterte saker

Vi fiskar i andre land sine soner utan å vite reglane

Publisert: 01.12.2017 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16