Fiskarane dreg i fraa
GODT BETALT: Fiskarane tener klart betre enn gjennomsnittet og aller best er betaling i havfiskeflåten. 
Nytt

Fiskarane dreg i frå

Fiskarane tener så godt at det har bremsa utviklinga mot færre fiskefarty.

08.04.2018
ANALYSEFrå århundreskiftet vaks realløna til fiskarane raskare enn for gjennomsnitts-arbeidstakarane i Noreg. Fiskarane tente best i utgangspunktet, og skilnaden har auka.Det viser ein forskingsrapport som forskingselskapet Nofima har laga på oppdrag frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF). Rapporten si oversikt stoggar i 2012, men det er all grunn til å rekne med at skilnaden - i fiskarane sin favør - minst har halde seg i åra etterpå og, i følgje Audun Iversen, ein av forskarane bak rapporten.Rapporten analysere utviklinga og drivkreftene bak struktureringa av fiskeflåten - at større kvotar blir samla på færre fiskebåtar og blir fiska av færre fiskarar. Ein av grunnane til at den utviklinga har bremsa litt opp er nettopp lønsemda i fisket, i følgje rapporten.Myten om den fattige fiskar, er ein av mellomtitlane i rapporten, som blei publisert i slutten av mars. Kapittelet viser at myten ikkje stemmer. Både i Noreg, Danmark og Island tener fiskarane meir enn gjennomsnittet. Berre svenske fiskarar ligg under landsgjennomsnittet.Talserien for dei skandinaviske landa sluttar i 2012. Då låg løna til ein norsk fiskar i havfiskeflåten (som tente best) 50 prosent over gjennomsnittet til alle arbeidstakarar.At fiskaryrket også er blitt eit meir populært yrke viser seg mellom anna i interessa frå unge på veg inn i vidarautdanning og yrkeslivet.I og med at fiskarane si løn varierer med storleiken og verdien på fangsten er reallønsutviklinga også ei nokså presis avspegling av lønsemda i fiskeria.Lønsemda har gått opp.Lønsemda er eit argument for å bli verande i yrket, både for fiskar og fiskebåtreiar. I takt med stigande lønsemd er det blitt færre alternativ som gir like mykje i lommeboka. I staden for å selje fiskekvota til nokon som vil samle større kvotar på færre båtar, er det like godt å drive vidare.Prisen på kvotane er også ein grunn til at farten i retning færre båtar har bremsa noko. Fleire aktørar forskarane har snakka med seier dei ikkje greier å sjå at det løner seg å kjøpe kvotar. Prisen er for høg.Eit anna argument er uvissa rundt kor lenge innkjøpte kvotar kan behaldast av kjøparen. I dag er det slik at deler av den innkjøpte kvoten blir fordelt på resten av gruppa båten tilhøyrer, og at heile kvota går attende til gruppa etter nokre år. Inntil det blir avklart om den regelen blir endra vel ein del fiskarar å sette seg på gjerdet.Ei endring som ofte dukkar opp som debatt-tema i fiskeripolitikken er kor stor fiskekvote det maksimalt skal vere lov å samle på eitt farty. Det er eit stridstema, også fiskarane i mellom. Nofima-forskarane si kartlegging viser at fiskarane i liten grad har nådd taket for kor store kvoter dei kan samle på eitt farty. Det betyr at det framover er rom for ein stor konsentrasjon av fiskekvotar på færre farty, også innanfor dagens regelverk.På ein skala frå 0 til 100, der 100 bety at kvotekonsentrasjonen samla sett har nådd taket styresmakten har fastsett, er torsketrålarane på topp med 92. Det er den typen båtar som mellom andre fiskebåtreiarlaga Havfisk og Nergård opererer. Ringnotflåten, den havgåande flåten som fiskar sild, makrell og kolmule, er nede i 62. Det er den delen av fiskeflåten som har hatt god lønsemd i flest år på rad, men likevel ikkje den som har gått lengst i å konsentrere kvotane opp til maksgrensa.Minst grad av konsentrasjon av kvotar på få farty er det hos dei minste kystfiskefartya - frå 11 til 15 meter. Der er indeksen 52, som betyr at flåten kan omlag halverast om taket pr. båt skal bli nådd.Rapporten som Nofima publiserte no i mars er den første av to. Neste rapport kjem i haust. Den analyserer kva konsekvensar det får for kystsamfunn og fiskeindustrien på land om fiskekvotane blir samla på færre farty.

Publisert: 08.04.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20