Fiska for ti millionar i eitt kast
HERØY: Smaragd fekk makrell for ti millionar kroner i eitt kast.
Nytt

Fiska for ti millionar i eitt kast

På eitt kast fekk Herøy-båten Smaragd 770 tonn makrell.

21.09.2016
- Det gjekk veldig greit. Ikkje noko problem, seier skipper Atle Honningsvåg.
Smaragd leverte fangsten ved Pelagia i Selje onsdag ettermiddag. Prisen var 12,68 kroner kiloen.
- Prisen er veldig grei. Vi skal ikkje klage, seier Honningsvåg.

Kort tur

Fangstverdien vart dermed nesten ti millionar kroner for ein tur som varde i berre tre dagar. Båten gjekk nemleg ut måndag, tok fangsten tysdag og leverte onsdag.
- Ja, det har gått radigt unna, seier Honningsvåg.

Mykje fisk

Fangsten vart tatt rundt 170 mil nordvest for Runde. Honningsvåg seier at det var mykje makrell å sjå.
- Mange fekk gode fangstar. Det vart også pumpa over i andre båtar.
- Vi brukte berre ein time og ti minutt å pumpe fisken om bord.

Valde å ikkje ta meir

Smaragd kan laste totalt 2.000 tonn. Honningsvåg seier at det var bevisst å ikkje fylle opp med meir makrell.
- Det er ikkje så mange anlegg som kan ta så mykje fisk, så vi valde å stoppe på 770 tonn.
Atle Honningsvåg kjem sjølv frå Stadlandet, men rakk ikkje ein tur heimom onsdag.
- Det er berre ein halvtime køyretur heim, men her vert det å gå rett på feltet igjen så fort vi er ferdige å losse.

Gode fangstar

Det er ikkje berre Smaragd som har hatt gode fangstar. Ifølgje Sildelaget vart det totalt meldt inn makrellfangstar for totalt 7.969 tonn tonn tysdag.
Til klokka 13 onsdag, var det meldt inn ytterlegare 2.378 tonn.
Største enkeltfangsten har Østerbris frå Austevoll med 900 tonn.
Vi brukte berre ein time og ti minutt å pumpe fisken om bord

Publisert: 21.09.2016 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00