Fiska for 27 millionar paa ei veke
OPPTUR: Mannskapet på Herøy-båten Eros kan innkassere over 500.000 kroner kvar etter at båten fiska heile makrellkvoten på ei veke. Bak ser vi Havila Neptune, som ligg i opplag.
Nytt

Fiska for 27 millionar på ei veke

Herøy-båten Eros tok heile makrellkvoten på fire kast.

08.10.2016
- Eg har drive med fiskeri i 25 år, men aldri vore med på så effektivt fiskeri, seier skipper Pål Cato Reite.
Det tok berre sju dagar frå Eros tok om bord nota til heile kvoten på 2.200 tonn var levert.
- Makrellen har vore lett tilgjengeleg, og det har vore fint vêr. Det er ikkje berre vi som har hatt eit effektivt fiske, seier Reite.
To av makrellfangstane vart leverte hos Brødrene Sperre på Ellingsøya, ein på Fiskerstranda og ein i Skudeneshavn.
- Vi har brukt ein del tid på lossing og køyring til mottaka. På feltet har vi brukt veldig lita tid, seier Reite.

Halv million i vekeslott

For mannskapet på ti vart det ei lukrativ veke. Ein snittpris på rundt 13 kroner kiloen, gir mannskapet ein vekeslott på over 500.000 kroner på kvar.
Reite seier at ein må hugse på at makrellfisket utgjer halve årsinntekta.
- Akkurat no er det voldsomt kjekt å vere fiskar, men det har ikkje alltid vore slik.

Stabilt mannskap

Mannskapet har vore stabilt i mange år.
- Det er ikkje mange som vil skifte slik situasjonen er no.
Makrellen vart tatt i Norskehavet, 100 til 150 mil vest av Runde.

Ventar på silda

Reite seier at ein var så kort tid på feltet at ein ikkje fekk eit godt nok overblikk over kor mykje makrell det var på feltet.
- Men for oss var det i alle fall lett å finne det vi hadde lov å fiske.
No vert det ein liten pause før det vert sildefiske. Eros har kvote på 1.200 tonn NVG-sild. I tillegg har ein att litt av kvoten av Nordsjøsild.
- Mange av mottaka er opptatt med mottak av makrell. Planen vår er å vente litt med å ta silda, slik at mottaka gjer seg ferdig med makrellen og får meir fokus på sild.
Akkurat no er det voldsomt kjekt å vere fiskar, men det har ikkje alltid vore slik

Publisert: 08.10.2016 06:01

Sist oppdatert: 17.06.2021 19:17