Fisk i fare ved fleire smaakraftverk
SMÅKRAFT: Mange småkraftverk driftar ikkje omløpsventilane sine i pakt med konsesjonen. Feilbruk kan føre til at elva tappast ned for fort, slik at fisken blir stranda.
Nytt

Fisk i fare ved fleire småkraftverk

Feilbruk av omløpsventilane i småkraftverk fører ofte til tørrlegging med stor fare for stranding av fisk, viser ei undersøking gjort ved fem småkraftverk.

06.12.2017
NPK: – Nedslåande, meiner Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Det er konsulentselskapet Sweco som har undersøkt bruken av omløpsventilar i fem småkraftverk i Trøndelag på oppdrag frå NVE.
Ved driftsstans skal ventilen skal opne og sleppe vatn gjennom slik at vassføringa i elva fell gradvis og over så lang tid at det ikkje blir liggjande fisk igjen på land.

- Lite heldig

Ved fleire av kraftverka fann Sweco at omløpsventilen ikkje fungerte, slik at elva vart tørrlagt eller nesten tørrlagt før omløpsventilen opna. Utfallet kan vere katastrofalt for fisken nedanfor kraftverket.
– Resultata er uventa og nedslåande. Omløpsventilane er viktige for fiskebestandane i elva, og det er lite heldig at desse ikkje verkar tenleg når dei først er installerte, seier seksjonssjef Øyvind Leirset i NVE.
NVE vil no følgje opp Sweco-studien med eit nytt FoU-prosjekt om styringssystema for omløpsventilar.
Omløpsventilar er eit vesentleg krav når NVE gir konsesjonar til småkraftverk, og skal sikre at småkraftverka ikkje går ut over fisk og anna dyreliv i elva.
Resultata er uventa og nedslåande

Publisert: 06.12.2017 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16