Fish Group of Norway faar likevel fiske krill
FISKERIMINISTER: Harald Tom Nesvik (Frp).
Nytt

Fish Group of Norway får likevel fiske krill

Vigra-selskapet kan juble og bygge ny trålar etter beskjed frå fiskeriministeren sjølv.

21.06.2019
Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) møtte fredag dagleg leiar Nils Molnes for å fortelje at dei likevel får konsesjon til å fiske etter krill, skriv .
Nærings- og fiskeridepartementet har utvida talet på nye konsesjonar frå to til tre. Fisk Group klaga etter at dei fekk avslag og har no har fått medhald. .
– Det er viktig med ulike konsept og ulike måtar å drive krilfiske på. Å ha tre aktørar gjer dette til ein mindre sårbar industri, seier Nesvik ifølgje avisa.
No vil Vigra-selskapet gå vidare med planane om å bygge ein krilltrålar til 800 millionar. Ein konsesjon var heilt naudsynt for å få realisert prosjektet og påfølgjande arbeidsplassar.
Les også:

Publisert: 21.06.2019 11:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36