Fire statsraadar ut og ein inn fraa nordvest
PÅ SLOTTSPLASSEN: Den nye regjeringa på Slottsplassen etter statsråd på Slottet i Oslo fredag. 
Nytt

Fire statsrådar ut og éin inn frå nordvest

Den nye regjeringa presentert på Slottsplassen, med Sveinung Rotevatn (V) frå Nordfjordeid som einaste frå Nordvestlandet.

Administrator
24.01.2020
Sunnmøre står utan statsrådar i den nye regjeringa til statsminister Erna Solberg, medan Nordfjord får inn Venstre-politikar .
Det er klart etter at Solberg presenterte sine nye statsrådar fredag føremiddag.

Fire ut frå Møre og Romsdal

Alle Frp-statsrådane frå Møre og Romsdal - Harald Tom Nesvik, Sylvi Listhaug. Jon Georg Dale og Jøran Kallmyr – er naturleg nok ute.
Spekulasjonane om Helge Orten frå Midsund som ny samferdsleminister, slo ikkje til. Den posten tek tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide.
Mellom bytene er Iselin Nybø (V) som blir ny næringsminister. Torbjørn Røe Isaksen (H) tek over arbeidsdepartementet frå Anniken Hauglie. Nybø får som politisk rådgjevar.
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) som opphaveleg kjem frå Sula, er mellom dei som held fram.
Geir Inge Sivertsen (H) er ny fiskeri- og sjømatminister.

Gir rom for fleire opne debattar

Heile Solbergs nye regjering kom ut på Slottsplassen like før klokka 11.30 fredag, til stor jubel frå dei frammøtte
– Når Frp går ut av regjeringa, får Noreg ei mindretalsregjering. Det gir fleire opne diskusjonar og debattar i Stortinget, utan at alt er bestemt på førehand, sa statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen etterpå, ifølgje NPK.
Det var eit stort oppmøte på Slottsplassen. Mellom 200 og 300 menneske kosa seg i sola, medan dei venta på det nye mannskapet.
– I Noreg har vi ein tradisjon for at fleire parti finn saman for å finne gode løysingar. Det er Noreg på sitt aller beste, sa statsministeren.
Partileiar Siv Jensen og resten av Frp-politikarane gjekk ut bakvegen på Slottet i forkant av presentasjonen. Det gjorde også Venstres Ola Elvestuen og Høgres Anniken Hauglie.

Nye statsrådar:


* Sveinung Rotevatn (V) blir klima- og miljøminister.
* Abid Raja (V) blir kultur- og likestillingsminister.
* Tina Bru (H) blir olje- og energiminister.
* Knut Arild Hareide (KrF) blir samferdselsminister.
* Henrik Asheim (H) blir forskings- og høgare utdanningsminister.
* Geir Inge Sivertsen (H) blir fiskeriminister.
* Linda Hofstad Helleland (H) blir distrikts- og digitaliseringsminister.

Statsrådar som byter departement:


* Trine Skei Grande (V) går frå Kulturdepartementet og blir ny kunnskaps- og integreringsminister.
* Iselin Nybø (V) forlèt posten som forskings- og høgare utdanningsminister og blir ny næringsminister.
* Jan Tore Sanner (H), som har vore kunnskapsminister, blir ny finansminister.
* Monica Mæland (H) går frå posten som kommunalminister til justisminister.
* Torbjørn Røe Isaksen (H) forlèt posten som næringsminister og blir ny arbeids- og sosialminister.
* Nikolai Astrup (H), i dag digitaliseringsminister, blir ny kommunalminister.

Statsrådar som held fram:


* Bent Høie (H) blir sitjande som helseminister og overtar også oppgåvene som eldre- og folkehelseministeren har hatt.
* Frank Bakke-Jensen (H) blir sitjande som forsvarsminister.
* Ine Eriksen Søreide (H) blir sitjande som utanriksminister.
* Kjell Ingolf Ropstad (KrF) blir sitjande som barne- og familieminister.
* Olaug Bollestad (KrF) blir sitjande som landbruksminister.
* Dag Inge Ulstein (KrF) blir sitjande som utviklingsminister.

Publisert: 24.01.2020 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51