Fire S ar til Kraft i Vest
KRAFT: Nordea-analytikar Thina Saltvedt kjem til Kraft i vest på Sandane.
Nytt

Fire S-ar til Kraft i Vest

Både Jonas Gahr Støre, Per Sævik, Bård Vegar Solhjell og Thina Saltvedt er blant innleiarane under årets Kraft i Vest. 

20.09.2018
Det er Sogn og Fjordane Energi som står bak konferansen på Sandane, som har utvikla seg å verte av dei leiande i Norge på kraft og grøn energi.
Og det er nettopp grønt skifte Ap-leiar Jonas Gahr Støre skal snakke om, medan Havila Holding-topp Per Sævik skal ta for seg korleis styresmakene og næringslivet kan spele kvarandre gode.
Generalsekretær Bård Vegard Solhjell i WWF skal forklare kvifor næringslivet bør ta miljøansvar, medan Nordea-analytikar Thina Saltvedt skal at for seg klimaendring i energimarknadene.

Jørgen Randers og Krohn Traaseth

Men totalt er det 20 samfunnstoppar, næringslivsaktørar og fagekspertar som skal i elden under konferansen 27. - 28. september.
Blant desse er også BI-professor og klimaekspert Jørgen Randers, Innovasjon Norge-direktør Anita Krohn Traaseth og Brødrene Aa-direktør Tor Øyvind Aa.
Det vert også sett søkelys på næringsutvikling på det nye Vestlandet, med samtale mellom Marit Warncke (Bergen Næringsråd), Yngve Hallèn (Sogn og Fjordane Næringsråd) og Rolf Sanne-Gundersen (Sunnfjord Utvikling).
Konferansen vert arrangert for sjette gong.

Publisert: 20.09.2018 10:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26