Finferries og Rolls Royce samarbeider om autonome skip
FINLAND: I samarbeid med Rolls-Royce vil Finferries utvikle fjernstyrte eller autonome ferjer.
Nytt

Finferries og Rolls-Royce samarbeider om autonome skip

Rolls-Royce skal hjelpe med at dei finske ferjene vert autonome eller fjernstyrte.

18.05.2018
Rolls-Royce og det finske ferjeselskapet Finferries har signert ein samarbeidsavtale for å utvikle løysingar som gjer at ferjene kan opererast autonomt eller fjernstyrt.
Dette opplyser dei to selskapa i ei melding på sine
Ein sentral del av avtalen er at partane skal samarbeide rundt forskingsprosjektet som førebels er kalla SVAN (Safer Vessel with Autonomous Navigation). Dette prosjektet skal mellom anna drage vekslar på forskings-og utviklingsarbeidet i prosjektet AAWA (Advanced Autonomous Waterborne Applications) som vart leia av Universitet i Turku. Dette prosjektet vart starta i 2015 og offisielt avslutta i 2017.
AAWA var finansiert av Business Finland der ei rekkje aktørar deltok i forskings- og utviklingsarbeidet, inkludert Rolls-Royce og Finferries.

- Sikrare og reinare sjøfart

I meldinga seier Karno Tenovuo, direktør for Ship Intelligence-eininga i Rolls-Royce seg glad for at samarbeidet kan vidareutviklast.
- Den nye samarbeidsavtalen kan løfte sikrare og reinare sjøfart til eit nytt nivå. Rolls-Royce kjem til å utvikle løysingar som vil gjere ferjetransporten sikrare og meir effektiv.
Rolls-Royce er frå før også medlem i interesseorganisasjonen i NFAS (Norsk Forum for Autonome Skip), som har sitt sekretariat ved Sintef Ocean i Trondheim.
Rolls-Royce har også etablert samarbeid med Google for utvikling av fjernstyrte og autonome skip.

Publisert: 18.05.2018 13:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22