Fincantieri over 80 prosent
MILLIARDSKIP: Det kombinerte forsking og ekspedisjonsskipet Vard skal bygge for eit selskap kontrollert av Kjell Inge Røkke og hans familie har truleg ein prislapp som passerer milliarden med god margin. Når skipet blir levert i 2020 kan Vard ha blitt eit datterselskap i Fincantieri-konsernet.
Nytt

Fincantieri over 80 prosent

Det italienske verftskonsernet Fincantieri kryp sakte, men sikkert mot målet om å få full kontroll i Vard.

12.02.2018
5. februar passerte Fincantieri 80 prosent eigarskap i Vard med 0,01 prosent margin. No er eigarandelen opp i 80,12 prosent.
Fincantieri vil kjøpe ut alle aksjonærane i Vard, stryke Vard frå notering på Singaporebørsen og gjere Vard til eit heileigd datterselskap i Vard-konsernet.

Betre som datterselskap

Som ein del av Fincantierikonsernet blir det lettare for Vard å skaffe seg dei låna selskapet treng enn om det skal halde fram som eit sjølstendig selskap, argumenterer Fincantieri i børsmeldinga.
Dersom Vard skal halde fram som eige selskap, og marknadstilhøva blir ytterlegare forverra, og Vard får vanskar med å skaffe tilstrekkleg lånefinansiering, kan det bli naudsynt å hente inn meir kapital gjennom ein emisjon, aurgumenterte Fincantieri i ei børsmelding november 2017.

Lang veg for Fincantieri

Vegen fram til å få full kontroll i Vard er truleg blitt lengre enn Fincantieri-leiinga såg for seg.
Fincantieri eigde 55,63 prosent av aksjane i Vard då selskapet kom med eit bod om å kjøpe ut resten av eigarane. Det bodet vart sendt ut i november 2016, men responsen var laber. Fristen for å takke ja blei utsett og vilkåra endra undervegs. Pristilbodet sto imidlertid fast, og verdsette Vard til cirka 1,7 milliardar kroner.
Då siste frist for å svare gjekk ut, i mars 2017, hadde Fincantieri fått hand om 74,45 prosent av Vard-aksjane.

Mange småkjøp

Etter av fristen gjekk ut i mars i fjor satsa Fincantieri på kjøpe aksjar over børs. Heile vegen har det vore snakk om små aksjepostar.
I november 2017 kom og eit varsel om eit nytt tilbod til minoritetseigarane i Vard. Fincantieri heva prisen frå 0,24 Singapore-dollar i det førre bodet til 0,25 Singapordollar i det nye bodet, og varsla samstundes at selskapet vil foreslå at ei ekstraordinær generalforsamling i Vard vedtek a Vard skal søke om å bli stroke frå børsnotering.

Tettare samarbeid

Vard er Nordvestlandets største verftskonsern, med hovudkontor i Ålesund, og verft i Brevik, Søvika, Brattvåg, Tomrefjord, Romania, Vietnam og Brasil.
Fincantieri og Vard styrka driftssamarbeidet som eit svar på oljenedturen. Det samarbeidet har vore med på å gjere Vard om frå ein einsidig byggjar av offshorefarty til å levere fiskebåtar, cruise og transportfarty - samt å få ein fot innan for oppdrettsnæringa.

Til Sunnmøre

20. februar kjem Vard-styreleiar Giuseppe Coronella til Haramskonferansen for å snakke om korleis Fincantieri ser på Vard og satsinga på Nordvestlandet.
Coronella er ansvarleg for Fincantieri sine utenlandske investeringar og har vore styreleiar i Vard-konsernet sidan september 2016.

Publisert: 12.02.2018 16:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18