Fincantieri mot 80 prosent
KJØPER SEG OPP: Fincantieri vil gjere Vard om til eit heileigd dotterselskap. I dag er Roy Reite (i midten) konsernsjef for eit børsnotert selskap, med Fincantieri som storaksjonær. 
Nytt

Fincantieri mot 80 prosent

Storaksjonæren i Vard jobbar vidare mot full kontroll.

18.09.2017
Det italienske verftskonsernet Fincantieri eig 79,2 prosent i Vard etter nye aksjekjøp.
Fincantieri kom i fjor haust med bod på alle aksjane i Vard. Bodet var på 0,24 Singapore-dollar pr. aksje, eit bod som prisa Vard til 1,7 milliardar norske kroner.
Målet var å passere 90-prosent eigarskap, kjøpe ut eventuelle minioritetsaksjonærar, ta Vard av børs og gjere det om til eit heileigd datterselskap av Fincantieri.

Kom ikkje i mål

Fristen til å takke ja vart utsett fleire gongar, og Fincantieri betra også tilbodet undervegs. Men forgjeves.
Då Fincantieri til slutt sette punktum for tilbodet, i mars i år, hadde Fincantieri auka sin eigarandel frå 55 til 74,45 prosent av Vard-aksjane.

Etter at tilbodet frå Fincantieri gjekk ut har aksjekursen svinga mellom 0,26 og 0,24 Singapore-dollar på børsen i Singapore.

Kjøper over børs

Trass i at Fincantieri ikkje nådde fram med bodet arbeider selskapet vidare for å nå målet om å gjere Vard til eit heileigd dotterselskap, slik selskapet også varsla etter at tilbodsfristen gjekk ut.
Fincantieri kjøper aksjar over børs. Det siste kjøpet aukar eigarandelen frå 78,8 til 79,2 prosent, .

Tettare samarbeid

Vard er Nordvestlandets største verftskonsern, med hovudkontor i Ålesund, og verft i Brevik, Søvika, Brattvåg, Tomrefjord, Romania, Vietnam og Brasil.
Fincantieri og Vard styrka driftssamarbeidet som eit svar på oljenedturen. Det samarbeidet har vore med på å gjere Vard om frå ein einsidig byggjar av offshorefarty til å levere fiskebåtar, cruise og transportfarty - samt å få ein fot innan for oppdrettsnæringa.

Publisert: 18.09.2017 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14