Fincantieri manglar 3 19 prosent
SNART I MÅL: Fincantieridirektør og Vard-styreleiar Guiseppe Coronella kallar Vard-eigarane inn til ny ekstraordinær generalforsamling 24. juli for å få eit gyldig vedtak om å ta Vard av børs.
Nytt

Fincantieri manglar 3,19 prosent

Minoritetseigarane i Vard får forlenga frist til å svare på bodet frå storaksjonæren Fincantieri, som no kontrollerer 86,81 prosent av aksjane.

02.07.2018
I ei børsmelding varslar Vard at det italienske verftskonsernet Fincantieri no eig 83,51 prosent i av aksjane i Vard.
I tillegg har eigarane av 3,3 prosent av aksjane takka ja til bodet, slik at Fincantieri no har kontroll på 86,81 prosent av aksjane.
Det betyr at Fincantieri berre er 3,19 prosent unna 90 prosent eigarskap, som gi selskapet sjansen til å tvangsutløyse minoritetsaksjonærane.
Bodet vart sett fram i vår, i samband med at Vard varsla at selskapet ville søkje om at selskapet blir stroke frå notering på børsen i Singapore.
Les meir om dragkampen om Vard under Relatere saker
Fristen for å svare var 20.juli, men no blir den forlenga til 7. august, skriv Vard i ei børsmelding.

Ny generalforsamling

På ei ekstraordinær generalforsamling 30. april i år røysta eigarane av 96,54 prosent av dei frammøtte aksjane ja til å ta Vard av børs.Men protestar på sakshandsaminga og informasjon gjorde at Vard måtte ta ein nye runde. No blir det kalla inn til ny ekstraordinær generalforsamling 24. juli.

Lang veg

Storaksjonæren Fincantieri varsla allereie i november 2016 at selskapet ville by på alle aksjane i Vard, ta selskapet av børs og gjere det til eit heileigd datterselskap i Fincantieri-konsernet.
Då bodet kom eigde Fincantieri 55,63 prosent av aksjane.
Bodet var på 0,24 Singaporedollar pr. aksje. Bodet verdset Vard til cirka 1,7 milliardar kroner.
Responsen på bodet vart ikkje som Fincantieri hadde håpa på og då fristen gjekk ut seint på vinteren i 2017 hadde Fincantieri berre hand om rundt 75 prosent av aksjane.
Men Fincantieri held fram med å plukke små aksjepostar på børs før selskapet tidlegare i år gjorde eit nytt framstøyt for å gjere Vard til eit heileigd datterselskap i Fincantieri. Vard skal takast av børs, og bodet til aksjonærane er no 0,25 Singaporedollar pr. aksje.

Tettare samarbeid

Vard er Nordvestlandets største verftskonsern, med hovudkontor i Ålesund, og verft i Brevik, Søvika, Brattvåg, Tomrefjord, Romania, Vietnam og Brasil.
Fincantieri og Vard styrka driftssamarbeidet som eit svar på oljenedturen. Det samarbeidet har vore med på å gjere Vard om frå ein einsidig byggjar av offshorefarty til å levere fiskebåtar, cruise og transportfarty - samt å få ein fot innan for oppdrettsnæringa.
Vard har og tatt storparten av dei verftskontraktene som er offentleggjort hos norske verft i år.

Publisert: 02.07.2018 09:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23