Fincantieri kom ikkje i maal
FRAMLEIS EIGE SELSKAP: Vardsjef Roy Reite leiar eit selskap som framleis har fleire aksjonærar og er børsnotert. Men storaksjonæren Fincantieri vil arbeide vidare for å gjere Vard til eit heileigd datterselskap. 
Nytt

Fincantieri kom ikkje i mål

Etter at fristen var ute i dag hadde Fincantieri fått hand om 74,45 prosent av aksjane i Vard. Målet var minst 90 prosent.

24.03.2017
Det italienske verftskonsernet eigde rundt 55 prosent av aksjane i Vard då selskapet kom med bode på på resten av aksjane i november i fjor.
Bodet var på 0,24 singapore-dollar pr. aksje, som verdsette heile Vard til 1,7 milliardar kroner.
Vard er Nordvestlandets største verftskonsern, med hovudkontor i Ålesund, og verft i Brevik, Søvika, Brattvåg, Tomrefjord, Romania, Vietnam og Brasil.

Datterselskap

Fincantieri og Vard styrka driftssamarbeidet som eit svar på oljenedturen. Det samarbeidet har vore med på å gjere Vard om frå ein einsidig byggjar av offshorefarty til å levere fiskebåtar, cruise og transportfarty - samt p få ein fot innan for oppdrettnæringa.
No vil Fincantieri gjere Vard til eit heileigd datterselskap og stryke det frå notering på børsen i Singapore. Med 90 prosent av aksjane kunne Fincantieri tvangutløyse resten og nå sitt mål. Men det gjekk ikkje i denne omgang.
Responsen på bodet har ikkje vore som Fincantieri vona, trass i at fristen for å svare er forlenga fleire gongar.

Vil ikkje gi seg

No er fristen for å takke ja ute.

Fincantieri varsla tidlegare i vinter kva som vil skje dersom selskapet ikkje klarer å få tak i nok aksjar i første omgang.
Fincantieri vil arbeide vidare for å nå målet, og vil mellom anna ikkje lenger bidra til at Vard skal tilfredstille krava for å vere børsnotert.
Selskapet står no fritt til å kjøpe aksjar over børs til den prisen det kan oppnå.

Publisert: 24.03.2017 22:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07