Fincantieri Best for Vard aa bli datterselskap
FINCANTIERI VIL HA FULL KONTROLL: Nedturen i offshoremarknaden gjer at Vard er blitt enda betre tent med å vere eit datterselskap i Fincantieri, skriv det italienske veftskonsernet i ei børsmelding. Biletet er frå Vardverftet i Brattvåg
Nytt

Fincantieri: Best for Vard å bli datterselskap

Ein emisjon kan blir naudsynt dersom ikkje Vard blir stroke frå notering på Singapore-børsen og innlemma som eit heileigd datterselskap i Fincantieri. Det er bodskapen frå Fincantieri til minoritetsaksjonærane i Vard.

13.11.2017
Fincantieri har det naudsynte fleirtalet i Vard til å få gjennom at Vard skal strykast frå notering på Singapore-børsen, og argumenterer i ei børsmelding i dag også for at Vard heilt og fullt bør bli innlemma i Fincantierikonsernet.

Som ein del av Fincantierikonsernet blir det lettare for Vard å skaffe seg dei låna selskapet treng enn om det skal halde fram som eit sjølstendig selskap, argumenterer Fincantieri i børsmeldinga.
Dersom Vard skal halde fram som eige selskap, og marknadstilhøva blir ytterlegare forverra, og Vard får vanskar med å skaffe tilstrekkleg lånefinansiering, kan det bli naudsynt å hente inn meir kapital gjennom ein emisjon.

Større fleksibilitet

Etter at marknaden for bygging av offshorefarty klappa saman har Vard auka samarbeidet med majoritetseigaren. Gevinsten ved ytterlegare samordning blir større og lettare å ta ut dersom Vard blir eit datterselskap, meiner Fincantieri.
Dessutan vil Vard sleppe kostnaden og det administrative arbeidet som følgjer med børsnotering, og Vard-leiinga får større fleksibilitet i å gjennvinne lønsemda når Vard ikkje lenger er eit børsnoter selskap.

Tettare samarbeid

Fincantieri er eit italiensk skipsbyggingskonsern som er notert på børsen i Milano, og mellom anna ein tung aktør i cruisemarknaden.
Fincantieri sitt innpass i cruisemarknaden er truleg ein medverkande årsak til at også Vard har fått ein fot innanfor, men mindre cruiseskip enn Fincantieri typisk byggjer på sine verft.

Viktigare med full kontroll

Heilt sidan Fincantieri kjøpte seg opp til å bli største eigar i Vard i 2013 har målet vore å ta Vard av børs, skriv Fincantieri i børsmeldinga.
Fincantieri si vurdering er at nytten av at Vard blir eit heileigd datterselskap berre har auke etter at oljeprisen fall og offshorereiarane slutta å tinge nye skip.
Som ein heileigd det av Fincantieri er det råd å ta ut en rekkje synergieffektar i både ingerinør-arbeidet og produksjonen, meiner Fincantieri.

Publisert: 13.11.2017 11:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15