Fiberutbygging for halv milliard
MEIR FIBER: Innan tre til fem år skal storparten av innbyggjarane i Tafjord Kraft sitt område ha fått tilgang til fibernettet, seier konsernsjef Erik Espeset. Det er målet også for Tussa.
Nytt

Fiberutbygging for halv milliard

I løpet av tre til fem  år har Tafjord og Tussa bygt ut fibernett-dekning for storparten av Sunnmøre.

16.04.2018
Det er snakk om investeringar på til saman rundt ein halv milliard kroner.
Hittil har kraftselskapa Tussa og Tafjord investert i overkant av ein halv milliard kroner kvar for å byggje ut fibernett på Sunnmøre. Målet er å nå fram til storparten av alle husstandar, med unntak av dei mest grisgrendte områda, innan tre til fem år. Det seier konsernsjef Erik Espeset i Tafjord og administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT.
Anslaget for kva vidare utbygging fram til 2020/2022 vil koste cirka 300 millionar kroner for Tafjord og 50 millionar i året for Tussa. Tussa reknar med å vere nær målet i løpet av 2020.

Smartare byar

Espeset skal snakka om fiberutbygging i eit foredrag om Tafjord sitt bidrag til smartare byar under The North West-konferansen denne veka. Betydninga av god kapasitet på internettsambandet er aukande, seier han.
Medan kostnadane pr. brukar er større i grisgrendte strøk enn i byar er det Ålesund sentrum utfordringane med å bygge ut er størst, seier Espeset. Det heng mellom anna saman med restriksjonar på å trekkje fiber i luftspenn og grave såkalla mikrogrøfter. På ein asfaltert veg kan slike grøftet for å føre fiberen fram leggas i asfalten. Det går ikkje i ei gate med brustein. Løysinga kan bli å gå gjennom loft og kjellarar, etter avtale med huseigarane.

Dugnad

Driveklepp seier Tussa pr. i dag har nådd cirka 75 prosent av husstandane i sitt område.
For å nå område med spredd busetnad satsar Tussa på det selskapet kallar "dugnadsbasert utbygging". Det er ein modell har tatt i bruk for å byggje fiber gjennom Bondalen og til Sæbø i Ørsta. Tussa legg hovudkabelen gjennom dalen. Dei som vil ha tilknytning står sjølv for gravearbeidet som må til for fiber fram til bygga.

Publisert: 16.04.2018 10:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21