Fersk eks oppdrettar inn i utstyrsbransjen
SEL SEG UT: K. Strømmen Lakseoppdrett, der Sven Jørgen Strømmen er ein av eigarane, er seld for omlag 800 millionar kroner. Samstundes går Strømmen inn i utstyrsbransjen.
Nytt

Fersk eks-oppdrettar inn i utstyrsbransjen

Under eit langt liv som oppdrettar har Sven Jørgen Strømmen i Bremanger utvikla ein ny ide for å bekjempe lakselus. 

23.08.2019
Denne veka har han stått på stand på Aqua Nor for å vise fram ideen og rekruttere nye kundar.
Ideen er så langt utvikla at utstyret er laga, metoden testa og dei første anlegga er selde.
Satsinga skjer gjennom Strømmen sitt selskap Fjord Miljø, med adresse på Nordfjordeid.

Syg opp vatn

Poenget med Fjord Miljø sitt anlegg er å løyse problemet med at bruken av luseskjørt for å verne oppdrettanlegg mot at lakselus som kjem drivande i sjøen kjem inn i anlegga.
Luseskjørt er ein presenning som blir trekt rundt anlegget. Ulempen er at dei redusere gjennomstrøymninga, og dermed forringar vasskvaliteten.
Fjord Miljø sitt anlegg kan monterast i nye og brukte anlegg og syg friskt vatn opp frå djupare vatn og sprøyter det ut i oppdrettsmerda slik at bruken av luseskjørt kan forlengast.
Anlegget er utvikla med støtte frå Innovasjon Norge. Salmar er samarbeidspartnar og har testa anlegget og Stadpipe har vore med og utvikla toppen av konstruksjonen, som mellom anna fordeler vatnet ut i merdbassenget.

Selde seg ut

Tilfeldigvis skjer lanseringa av anlegget på Aqua Nor samstundes som Strømmen og dei andre medeigarane i K. Strømmen Lakseoppdrett i Bremanger sel oppdrettsverksemda til oppdrettskonsernet Mowi.
Utviklinga og satsinga på Fjord Miljø og salet av oppdrettsselskapet har skjedd heilt uavhengig av kvarandre. Det er ingen samanheng mellom nysatsinga og salet, seier Strømmen.
K. Strømmen Lakseoppdrett har fem eigarar og fire konsesjonar. Prisen for selskapet var omlag 800 millionar kroner.

Publisert: 23.08.2019 13:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38