Ferjer kan faa Hellesylt hydrogen
FERJEDRIFT?: Kraftverket på Tryggestad (biletet) og dei andre småkraftverka på Hellesylt meiner dei har kapasitet til å forsyne ei ferje med hydrogen.
Nytt

Ferjer kan få Hellesylt-hydrogen

Kraftverka på Hellesylt vil koble seg på hydrogenferje-prosjekt.

13.09.2017
- Veldig spennande om vi kunne få til noko slikt, seier teknisk sjef Kåre Nerem hos Fiskerstrand Verft.
Verftet står i spissen for utvikling og testing av hydrogen som drivstoff i ferjetrafikken, med mål om å vere ferdig til 2020. Nerem presenterte hydrogensatsinga på GCE Blue Maritime sitt seminar om hybridenergi-teknologi i Ålesund i dag, og sa der at også småkraftverka på Hellesylt har meldt seg interessert i hydrogenferjeprosjektet. Dei meiner dei har kapasitet til å produsere nok hydrogen til ei ferje, i føljge Nerem.

Overskotsproduksjon

Hydrogen kan mellom anna produserast ved å køyre straum gjennom vatnet slik at H2O-molekyl blir splitta i oksygen og hydrogen.
Småkraftverka på Hellesylt har gått saman med blant andre Hexagon Composites om å kartlegge om det er råd å bruke straumen til å produserer hydrogen. Straumnettet er ikkje godt nok utbygd til å ta unna produksjonen når elvar og bekkar fløymer for fullt. I staden for å la vatnet renne ubrukt forbi turbinane er ideen å bruke energien til å lage hydrogen.

Pilot-prosjekt

Fiskerstrand Verft er ei av fem bedrifter som deler på til saman 70 millionar kroner i støtte til utvikling av meir miljøvennleg skipsfart. Det er Enova, Innovasjon Noreg og Forskningsrådet som har gått saman om satsinga, som har fått namnet Pilot-E.
I tillegg til fylkeskommunen er også Sintef, Hexagon Composites (drivstofftankar), Nel Hydrogen, DnvGL og Sjøfartsdirektoratet med i Fiskerstrand Verft-konsortiet.

Publisert: 13.09.2017 14:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13