Ferjekontraktar for 600 700 millionar
NYE FERJER, NY KAI: Strengar miljøkrav til ferjene på Nordmøre vil truleg utløyse nybygg og investeringar i nye ferjekaier, mellom anna her i Tømmervåg.
Nytt

Ferjekontraktar for 600-700 millionar

Nye miljøkrav til ferjene på Nordmøre utløyser truleg nybyggingsoppdrag for 600-700 millionar kroner til verfta.

22.09.2017
Fire samband på Nordmøre med i alt seks ferjer - Nordmørspakka - er lyst ut på anbod. Miljøkrava gjer at reiarlaget som vinn konkurransen truleg vel å bygge fire nye ferjer.
NETT NO sitt anslag er at det er snakk om byggekontrakter på mellom 600 og 700 millionar kroner.

Mindre utslepp

Seivika-Tømmervåg og Edøya-Sandvika er dei to største av dei fire sambanda. Her skal det settast inn til saman fire ferjer, to med kapasitet på 80 personbilar, to med plass til 50.
Samanlikna med tradisjonelle dieselmotorar er krava til energiforbruk og utslepp utforma slik at vinnaren av anbodskonkurransen må satse på batteridrift, hydrogen eller andre løysingar for å få utsleppa ned.
Møre og Romsdals fylke stiller ikkje krav om nybygg, berre at ferjene som skal inn i dei to sambanda må vere yngre enn 10 år. Men miljøkrava gjer at eldre ferjer uansett må byggast om, og då blir nybygg det mest sannsynleg alternativet.

Pakkeløysing

Nordmørspakka er utforma slik at det er den samla enerigbruken og utsleppa som tel. Konsekvensen blir truleg at reiarlaget som vinn konkurransen tingar nybygg til dei to største sambanda, og set inn eldre ferjer på dei to minste sambanda, Kvanne-Rykkjem og Arasvika-Hennset.
Dei to minste sambanda skal trafikkerast av ei ferje kvar.
Ferjereiarlaget som vinn anbodskonkurransen skal trafikkere sambanda frå 1. januar 2020 til 31. desember 2030. Søknadsfristen går ut 17. november. For at reiarlaga skal rekke å få nye ferjer levert i tide vil byggekontraktene turleg blie signert tidleg i 2018.

Ferje-boom

Havyard Group offentlegjorde rett før jul tre kontraktar med Fjord 1 for to 50 bilars ferjer og ei 38 bilars ferje. Alle ferjene skulle gå på batteri. Den kontrakten var på i underkant av ein halv milliard kroner og gir ein indikasjon på nivået byggekontraktene knytt til Nordmørspakken vil ligge på.

NETT NO skreiv i sommar at Fjord 1 åleine har tinga nye ferjer for 2,3 milliardar kroner i løpet av eitt år. Samla hadde norske reiarlag i sommar ferjer for 3,4 milliardar kroner under bygging.

200 millionar kroner til kaier

Strengare miljøkrav betyr også investeringare på land.
Møre og Romsdal fylkeskommune må i samband med innfasinga av miljøferjer ruste opp kaianlegga i sambanda Edøya-Sandvika og Seivika-Tømmervåg. Dette vil ha ein kostnad på om lag 200 millionar kroner, skriv fylket i ei pressemelding.
Enova har gitt løfte om inntil 55 millionar kroner i støtte til landanlegg (for levering av straum eller annan miljøvennleg energi).

Publisert: 22.09.2017 11:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14