Femdobling paa eitt aar for vind
Nytt

Femdobling på eitt år for vind

Fornybarnæringa er i kraftig vekst i Noreg og omsette for 29,6 milliardar kroner i 2018, opp 71 prosent frå året før.

10.10.2019
NPK-NTB-Johan Falnes: Det viser ein rapport som Multiconsult har utarbeidd på oppdrag frå Eksportkreditt Noreg, Norwegian Energy Partners (NORWEP) og Olje- og energidepartementet.
Auken kjem etter to år med fallande omsetning i 2016 og 2017.
Rapporten viser at det framleis er vasskraft som utgjer det største segmentet. Men landbasert vindkraft veks raskt. Her vart omsetninga meir enn femdobla frå 1,7 milliardar kroner i 2017 til heile 8,7 milliardar i 2018.
Import av vindturbinar stod for ein stor del av omsetningsveksten.

Auka eksport

Kartlegginga frå Multiconsult viser samtidig at fornybarnæringa sysselsette om lag 10.200 personar i 2018.
Av desse jobba drygt 4.100 personar med vindkraft til havs og på land, medan 3.445 personar jobba med vasskraft og 1.735 jobba med solenergi.
Eksporten låg på 9,2 milliardar kroner i 2018, opp 2,9 milliardar kroner frå året før. Det er spesielt havvind som driv eksportveksten.
– Det er gledeleg å sjå eksportvekst innan fornybar, men potensialet er langt større, seier administrerande direktør Otto Søberg i Eksportkreditt Noreg i ei pressemelding.
– Våre eigne prognosar viser at havvind med ei målretta satsing kan bli blant dei fem største eksportnæringane i Noreg i eit 10–20-årsperspektiv, seier han.

Uvisse om vindkraft

For vindkraft på land er framtida meir uviss, og fleire forhold kan bremse vidare utbygging.
Multiconsult viser i kartlegginga til at den landbaserte vindkrafta har auka jamt dei siste åra, godt hjelpt av elsertifikatordninga og fallande produksjonskostnader. Ordninga med elsertifikat skal bli fasa ut i 2021. Men produksjonskostnadene er venta å halde fram å falle, samtidig som industrien har eit sterkt ønske om grøn energi.
Eit anna uvissemoment er NVEs forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land, eit forslag som har mobilisert kraftig politisk motstand mot nye utbyggingar.

Oljeopptur

Ein separat rapport frå Rystad Energy viser at pilene peikar oppover òg for oljesørvisbedrifter i Noreg.
– Leverandørindustrien til olje og gass er på veg oppover igjen. I 2018 var det igjen omsetningsvekst, både i eksportmarknadene og særleg i Noreg, uttaler olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).
Alt i alt vart det omsett for 373 milliardar kroner innanfor olje og gass i Noreg i 2018.
Det er gledeleg å sjå eksportvekst innan fornybar, men potensialet er langt større

Publisert: 10.10.2019 13:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41