Fellesforbundet kritisk til promilletesting
PROMILLE: Her ved Kleven-verftet Myklebust Verft er det innført tilfeldige promilletestar vd tilsette. Fellesforbundet åtvarar.
Nytt

Fellesforbundet kritisk til promilletesting

Fellesforbundet åtvarar mot den omfattande promilletestinga av verftstilsette på generelt grunnlag.

15.05.2015
- Dersom slike tiltak skal innførast, skal og bør det vere grundig vurdert saman med arbeidsmiljøutvalet og tillitsvalde, seier sekretær Heine Nilsen i Fellesforbundet.
Han er overraska over at så mange verft har innført tilfeldige promillekontrollar av tilsette.
- Det kan finnast særskilde grunnar, men uansett er alle former for rusmiddeltesting eit inngrep i arbeidstakaren eller arbeidssøkaren sin personlege sfære og integritet, seier Nilen.

- I utgangspunktet ulovleg

Mellom anna har store selskap som Vard, Kleven og Havyard innført promilletesting av arbeidarar på verfta.

- Slike tiltak er i utgangspunktet ulovlege om det ikkje foreligg eit rettsleg grunnlag for tiltaket, seier Nilsen.
Han viser til arbeidsmiljølova (aml) kapittel 9 om kontrolltiltak.
- Lovforarbeida viser at lovgivar har meint å gi reglar som samsvarar med våre forpliktingar etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen av 1950, Europarådkonvensjonen nr. 108 om personvern, EU sitt personverndirektiv og ILO-konvensjonen av 1996 om vern av tilsette sine persondata.

Sensitive opplysningar

Nilsen meiner at også Personopplysningslova også slår inn ved desse tilfella.
- Analyse av blod- eller urinprøver er innhenting av sensitive personopplysningar, og dette betyr at personopplysningslova sine bestemmelsar må overhaldast.
Han viser til at helsesertifikatskravet innanfor offshore er eitt av tiltaka som er unntatt, men det finst ikkje unntaksreglar for verftsarbeidarar eller andre grupper innanfor Fellesforbundet sine overeinskomstområde som han kjenner til.

Berre tre tilfelle

Ifølgje Nilsen er det berre tre tilfelle der arbeidsgivar kan krevje medisinske undersøkingar.
  1. Når det følgjer av lov eller forskrift
  2. Ved omstillingar som inneber særleg risiko
  3. For å verne liv og helse

- Kan ikkje desse testane grunngjevast utifrå unntakstilfelle nummer tre – for å verne liv og helse?
- Det er muleg at nokre har definert dette inn på generelt grunnlag, men det burde ikkje vere slik i bedrifter med ordinær aktivitet.
- Kjenner du til denne type testing andre stader i arbeidslivet?
- Nei, men det er muleg at det finst innanfor helsesektoren.
- Kva konsekvensar vil det etter ditt syn få for næringslivet om promilletesting vert meir normalt?
- Etter min oppfatning vil den enkelte sitt rettsvern verte utsett for utidig og unødvendig press.
Etter min oppfatning vil den enkelte sitt rettsvern verte utsett for utidig og unødvendig press

Publisert: 15.05.2015 11:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44