Sysselmannen utvidar den årlege leigeperioden for offshoreskipet Polarsyssel.
Ifølgje har løyvingane til Sysselmannen sitt transportbudsjett vorte auka med 13,5 prosent til 193,6 millionar kroner. Dette betyr at Polarsyssel vil vere i arbeid ni månader, i staden for i seks månader, som først var planen.
Polarsyssel er eigd av islandske Fafnir Offshore, men det er Havila Shipping som har driftsansvaret på båten.
Driftssjef Kjell Rabben ved Havila Shipping opplyser at båten vart lagt i opplag på Moltustranda 1. november i fjor, og vart tatt ut av opplag 27. februar i år.
- Båten var så eit par veker ved verftet i Leirvik for diverse arbeid før oppstart for Sysselmannen, seier Rabben.
- Med unntak av eit par islendingar, er mannskapet norsk. Dette er også etter ønskje frå Sysselmannen, seier Rabben.
Det 88,5 meter lange fartøyet vart levert frå Havyard Ship Technology i september 2014 som det første av Havyard sitt design Havyard 832 L WE.
Fafnir Offshore har endå eit skip i bestilling ved Havyard, men levering av dette skipet er utsett til sommaren 2017.
Ifølgje har løyvingane til Sysselmannen sitt transportbudsjett vorte auka med 13,5 prosent til 193,6 millionar kroner. Dette betyr at Polarsyssel vil vere i arbeid ni månader, i staden for i seks månader, som først var planen.
Polarsyssel er eigd av islandske Fafnir Offshore, men det er Havila Shipping som har driftsansvaret på båten.
Droppa spoten
Tanken var først at båten skulle konkurrere om spotoppdrag i Nordsjøen i perioden ein ikkje var i arbeid for Sysselmannen, men desse planane gav ein fort opp.Driftssjef Kjell Rabben ved Havila Shipping opplyser at båten vart lagt i opplag på Moltustranda 1. november i fjor, og vart tatt ut av opplag 27. februar i år.
- Båten var så eit par veker ved verftet i Leirvik for diverse arbeid før oppstart for Sysselmannen, seier Rabben.
Norsk mannskap
Han opplyser at det er to skift på ni mann kvar om bord.- Med unntak av eit par islendingar, er mannskapet norsk. Dette er også etter ønskje frå Sysselmannen, seier Rabben.
Det 88,5 meter lange fartøyet vart levert frå Havyard Ship Technology i september 2014 som det første av Havyard sitt design Havyard 832 L WE.
Fafnir Offshore har endå eit skip i bestilling ved Havyard, men levering av dette skipet er utsett til sommaren 2017.
Publisert: 29.03.2016 15:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54





