Fekk storkontrakt med ABB
Nytt

Fekk storkontrakt med ABB

Remøy Management har starta jakta på sjøfolk etter at selskapet fekk managementet på ABB sin store kabellleggjar.

30.04.2016
- Det er ekstra gledeleg å få nye kontrakter i tider som dette, seier dagleg leiar Even T. Remøy i Remøy Management.
Herøy-selskapet skal sysselsetje minst 44 mannskap. Kontrakten fører også til at selskapet må tilsetje fleire på kontoret.

- Mindre påvirka av kriser

Kontrakten er ikkje tidsavgrensa, opplyser Remøy.
- Dette gir oss eit ekstra bein å stå på utanfor offshore OSV.
- Vi blir mindre påvirka av kriser. Dette gjer kontrakten ekstra viktig, seier Remøy.
Den store kabelleggjaren skal byggast ved Kleven i Ulstein, og skal vere ferdig i 2017.

WWS-management

Før kontrakten med ABB hadd Remøy Management 15 tilsette og ansvaret for 120 sjøfolk, dette etter at fire av skipa til tidlegare World Wide Supply vart lagde i opplag.
Selskapet leiger sjølv ut, og har mangement og teknisk tilsyn på kystvaktskipa Barentshav, Sortland og Bergen, i tillegg til marinefartøyet Olav Trygvasson.
Det er ekstra gledeleg å få nye kontrakter i tider som dette

Publisert: 30.04.2016 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56