Fekk stor kontrakt paa nye Geir
KONTRAKT: Frå venstre Martin Skåravik, Kjell-Christian Krohn Dale og Marius Granlien.
Nytt

Fekk stor kontrakt på nye 'Geir'

Acel i Ålesund er tildelt kontrakt med Vaagland Båtbyggeri på leveranse og installasjon av hybrid framdriftssystem på norges største linebåt.

17.08.2018
Dette er tredje gang reiarlaget H.P. Holmeset vel Acel som leverandør av sine nybygg.
- Vi gler oss til å jobbe vidare saman med reiarlag, verft og andre leverandørar i dette spennande prosjektet, seier Martin Skårevik, avdelingsleiar i Power Systems i Acel, i ei pressemelding.
Han opplyser at det er ein omfattande installasjon med fokus på energieffektivisering, driftsøkonomi og sikkerheit.
Acel vil blant anna levere komplett elektroinstallasjon, utstyrsleveranse og engineering til nye 'Geir', som skal leverast i desember 2019 frå Vaagland.

Batteripakke

Den nye linebåten er på 63 meter x 13,5 meter og er designa av Skipsteknisk.
Båten vert utstyrt med A-CELL Propulsion frå Acel, med ein batteripakke på 270 kWh fra Corvus Energy.
Acel opplyser i pressemeldinga at eit slikt batterisystem vil gi store kostnadsinnsparingar og større fleksibilitet i skipets operasjon.

Stor interesse

Per-Gunnar Fiskerstrand, salssjef hos Acel, opplyser at det er stor interesse for hybridsystem.
- Vi merker stor interesse fra både reiarlag og verft.
- Alle er samde om at dette er framtida og det skal være god økonomi i å vere klimavenleg, seier han.
Acel er totalleverandør av elektrotenester og har lang erfaring med prosjektering og installasjon om bord i skip og offshoreplattformer.
Selskapet leverer i dag totalpakkar bestående av batteri, styringssystem, frekvensomformarar, skap og tavler.
Acel-gruppa har 120 tilsette og hovedkontor i Ålesund.

Publisert: 17.08.2018 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25