Fekk oljesmellen i fjor
TEMPERATURMÅLAR FOR NÆRINGSLIVET: Seint på hausten 2016 vart kundane meir forsiktige, men i år har det snudd oppover igjen for Ivar Breivik sine restaurantar.
Nytt

Fekk oljesmellen i fjor

Først seint i 2016 slo etterdønningane av oljeprisfallet i 2014 inn over restaurantane til Ivar Breivik. I år går det oppover.

20.07.2018
Ved utgangen av 2015 tenkte Ivar Breivik at konsekvensen av oljeprisfallet året før såg ut til å gli greit over for restaurantane hans. Men 1. oktober 2016 kom smellen.
- Det var på dagen. Då begynte vi å merke at ting endra seg fort, seier Breivik.
Kvifor omslaget kom akkurat då har han ikkje svar på, men omslaget var markant og dei første månadane i fjor var "kjempedårleg", seier han.

Betre i år

Med færre kontraktar og nybygg på verfta å feire, blei det færre representasjonsbesøk på restaurantane. Nedskjeringar hos verft og offshorereiarlag slo også negativt ut i julebordsesongen både i 2016 og 2017.
Delar av næringslivet på Nordvestlandet har hatt gode tider, men det er verft og reiarlag som har skapt største trafikk i Breivik sine restaurantar. Difor er det aktivitetsnivået og stemninga der, som slår sterkast ut.
Sommaren blei god i fjor, men ellers var det først ut på hausten at Breivik såg teikn til betring, og den har forsterka seg i år.
- I år ser vi mykje mykje meir positivt på det, seier Breivik.
Det vil også vise seg i reknskapen for 2017.
- Eg trur at vi i år skal kome opp på det nivået vi har ligge på dei siste åtte-ti åra, seier han.

Nedgang i fjor

Brevik eig og driv restauranten XL Diner og baren Milk gjennom selskapet Skateflua as, restauranten Kabb gjennom K19 Food as og cafe og baren Lyst gjennom Lystgaarden Bar & Restaurant as. Lyst blei kjøpt i fjor.
Alle tre selskapa hadde nedgang i driftsinntektene i fjor (sjå tabell), mest i Skateflua as, der dei gjekk ned frå 24,8 til 20,6 millionar kroner. For dei tre selskapa samla sett, var det ein reduksjon i driftsinntektene på 16,8 prosent.
Den samla lønsemda fall ikkje like mykje, takka vere større overskot i Skateflua as (sjå tabell). Resultatet i prosent av driftsinntektene for dei tre selskapa gjekk ned frå 5,9 til 5,6 prosent.
I år ser vi mykje mykje meir positivt på det

Publisert: 20.07.2018 10:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24