Fekk lik i reketraalen
REMØY: Reketrålaren Remøy fekk torsdag lik i trålen.
Nytt

Fekk lik i reketrålen

Herøy-båten Remøy fekk lik i trålen i dag formiddag. Fleire er sakna i området.

04.04.2019
Båten er no på veg til lands.
- Eg kan stadfeste at det gjeld vår båt, seier reiar Olav Remøy i Remøy Havfiske.
Han ber om at pressa ikkje prøver å kontakte mannskapet om bord.
- Dei har hatt ei trasig oppleving, og treng ro.

Smuttholet

Det var under rekefiske i internasjonalt farvatn i Smuttholet i Barentshavet at liket hamna i trålen.
Det var som først melde om at Politiet i Troms opplyste at eit norsk fartøy som har fått eit lik i trålen.
- Liket blir frakta til fastlandet for identifisering, opplyser politiet.

Veit ikkje kven personen er

Til opplyser operasjonsleiar Karl-Erik Thomassen ved Politiet at liket var i delvis oppløysing.
- Vi har ingen indikasjonar på kven denne personer er, eller om det er ein mann eller kvinne, seier han.
Han fortel at den døde kroppen no blir frakta til fastlandet – og vidare til Tromsø – for identifisering.

Fleire sakna

VG opplyser at i fjor forsvant 19 år gamle Sindre Saltveit fra Vormedal på havet omtrent 60 nautiske mil nord for Bjørnøya. Han var besetningsmedlem på KV Nordkapp.
I tillegg er sju russiske statsborgarar sakna etter at eit russisk helikopter styrta i havet utanfor Svalbard i 2017, skriv
Politiet har oppretta undersøkingssak, og ID-gruppa til Kripos er også kopla på.
Dei har hatt ei trasig oppleving

Publisert: 04.04.2019 15:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33