Fekk kontrakten etter aa ha tapt paa maalstreken sist
KONTRAKTSKAKE: Stor glede over prestisjekontrakt. Her salssjef Rolf Petter Almli og verftsdirektør Kristian Sætre.
Nytt

Fekk kontrakten etter å ha tapt på målstreken sist

For eitt år sidan var Ulstein Verft i finalerunden for å byggje Nexans store kabelleggjar, men tapte på pris. No fekk verftet likevel kontrakten. Det gjer godt.

10.07.2018
- Utruleg gledeleg. Denne kontrakten vil gje store ringverknader lokalt, regionalt og nasjonalt, seier salssjef Rolf Petter Almli ved Ulstein Verft.
Han opplyser at ei lang rekkje norske og utanlandske verft konkurrerte om prestisjeoppdraget for vel eitt år sidan, og Ulstein Verft var med i finalen.
Kontrakten gjekk då til kroatiske Uljanik, men store økonomiske problem ved verftet gjorde at byggjearbeidet aldri starta, og designselskapet Skipsteknisk i Ålesund avslutta også tidleg samarbeidet med Uljanik.

- Ikkje berre pris

Ein ny anbudsprosess vart sett i gang, med både norske og utanlandske verft som deltakarar nok ein gong.
Men denne gongen fall valet på Ulstein Verft.

Almli trur ikkja at Ulstein vann på pris.
- Her tel nok kvalitet og leveringstid vel så mykje.

Skal laste i Halden

Den 149,9 meter lange og 31 meter breie kabelleggjaren vert spesialbygd for å gå under Svinesundbrua og gå heile vegen opp til Nexans sin kabelfabrikk i Halden, ein av tre kabelfabrikkar det franske selskapet har i Norge.
Herifrå skal båten, som får namnet Nexans Aurora, kunne ta med seg 8.000 tonn med kablar, medan maksimal kapasitet er 10.000 tonn.

Norsk utstyr

Medan båten i utgangspunktet var tenkt levert med mykje kroatisk utstyr, er no lokale og nasjonale norske bedrifter langt framme i løypa for å få leveransar til prestisjeprosjektet.
- Vi er midt i anbudsprosessen no, men sjølve kabelleggingsutstyret er det reiarlaget sjølv som handterer.
Kabelleggjaren vert utrusta for 90 personar og skal leverast frå Ulstein Verft i løpet av andre kvartal i 2021.

Christ-skrog

Skroget skal byggjast ved Christ-verftet i Polen, og skroget skal etter planen kome til Ulsteinvik 17. april 2020.
For Ulstein Verft vert dette første gongen verftet skal samarbeide med Skipsteknisk på design.
- Vi er alle sunnmøringar, så det går heilt sikkert veldg bra, seier Almli.
Denne kontrakten vil gje store ringverknader lokalt, regionalt og nasjonalt

Publisert: 10.07.2018 13:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23