Fekk kontrakt i Indonesia
OPPDRAG: Seismikkskipet Neptune Naiad har fått seks månaders kontrakt med BGP i Indonesia, her etter sertifisering og oppgradering ved Myklebust Verft i Gursken.
Nytt

Fekk kontrakt i Indonesia

Det nystarta seismikkselskapet Axxis Geo Solutions har fått sitt første oppdrag.

15.06.2017
- Ei viktig kontrakt, og vi ser no fram til å få båten i arbeid etter langvarig opplag.
Dette seier Jogeir Romestrand frå Ulsteinvik, ein av aktørane bak Axxis Geo Solutions.
Med seg på laget har han tunge investorar som Bjarte Bruheim og Arne Blystad, og saman har dei overtatt seismikkskipet Neptune Naiad.
Les her:

Startar 23. juni

Den ombygde fiskebåten låg 2 1/2 år i opplag, dei siste 25 månadene på Moltu i Herøy.
Men no er båten i Singapore og er klar for sitt første oppdrag for det nye selskapet.
- Båten startar på kontrakten 23. juni, seier Romestrand.

BP Indonesia

Kontrakten er seismikkoppdrag for BGP - China National Petroluem Company. Selskapet har hovudkontor i Kina, men har aktivitet i 65 land, og har satsa stort på seismikk, mellom anna ved å tilby multiklient-data.
Ifølgje heimesida har selskapet no seks seismikkskip i arbeid, men det er før Neptune Naiad kjem i sving.
Neptune Naiad skal i første omgang arbeide seks månader etter at BGP har fått kontrakt med BP Indonesia.

Norsk og indonesisk mannskap

Det er Herøy-selskapet Remøy Shipping som har driftsansvaret på båten. Remøy Shipping er også inne med 10 prosent på eigarsida.
Les her:
Romestrand opplyser at mannskapet på båten er ein kombinasjon av norsk og indonesisk for den maritime delen, medan det i hovudsak er engelsk og amerikansk for seismikk-delen.
Vi ser no fram til å få båten i arbeid etter langvarig opplag

Publisert: 15.06.2017 13:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11