Fekk berre halv utteljing paa kriselaan
KLEVEN: Kjersti Kleven og familien har gått frå rundt 90 prosent eigarskap til å eige rundt 20 prosent av nye Kleven Maritime Invest, men lovar å vere godt synlege framover.
Nytt

Fekk berre halv utteljing på kriselån

Kleven-søstrene lånte Kleven friske pengar i fjor haust, men berre halvparten av summen vart rekna med då Kleven fekk inn Petter Stordalen & co som nye eigarar.

06.12.2017
Dette kjem fram i eit intervju Kjersti Kleven har gjort i det siste NETT NO-magasinet, som no er ute.
Les heile magasinet .
Saman med søstra Annelise Kleven Godø i familieselskapet John Kleven AS, har Kjersti Kleven gått inn med 40 millionar av totalt 300 millionar friske kroner inn i nye Kleven Maritime Invest.
Men dei 40 millionar kronene er ikkje det einaste søstrene har bidrege med. Saman med Hestnes-familien i Bergen, gode vener av Kleven-familien og tidlegare eigarar av Bergens Rørhandel, bidrog dei i fjor haust med 30 millionar kroner i lån til eit hardt pressa verftskonsern.

Frå 90 til 20 prosent

Under restruktureringa vart halvparten av dette lånet rekna med som ny aksjekapital, slik at søstrene Kjersti og Annelise sit direkte med totalt 16,6 prosent av aksjane i det nye selskapet. I tillegg eig dei nær halvparten av dei tre prosentane som dei tidlegare eigarane i Kleven har fått med seg inn i Kleven Maritime Invest.
- Totalt har dei tidlegare Kleven-eigarane rundt 20 prosent. I tillegg reknar vi med dei fire prosentane frå Hestnes-familien som ein del av same eigargruppa, seier Kjersti Kleven.
At ho og storesøstra Annelise no kan bidra, skuldast likvid forvaltning av utbyte som vart tatt ut i gode verftsår.
- Hadde det ikkje vore for formuesskatten, kunne vi ha bidrege med endå meir. Denne skatten er ikkje verdiskapande, seier Kjersti Kleven.

400 millionar til verftsutvikling

Ho seier at familien ikkje har vorte rik på Kleven-eventyret.
- Nei, vi har mellom anna brukt over 400 millionar kroner på å utvikle og modernisere verfta i Ulstein og Gursken. For oss var det ekstra tungt å sjå at desse investeringane vart lite verdsette ved restruktureringa.
- Styret og leiinga har ikkje øydsla vekk desse pengane, men brukt dei for å leggje til rette for at Kleven skal vere av dei aller beste og mest moderne verftskonserna. Det har vi gjort fordi det er nødvendig for å overleve på sikt og fordi vi ønskjer å skape aktivitet og byggje samfunn rundt oss. Å lukkast med det, er grunnfjellet i all nærings- og lokalsamfunnsutvikling og den største gleda ein kan få.

- Kompetent kapital

Inn som store nye eigarar i Kleven har kome britiske Hurtigrute-aksjonærar, tyske Lürssen, svensk-sveitsiske Magnus Roth, i tillegg til nordmenn som Petter Stordalen, Åge Remøy og Per Audun Lillebø.
Kjersti Kleven rosar den nye eigarkonstellasjonen, og ser nye oppsider.
- Petter Stordalen kjem inn med sin smittande entusiasme, tyske Lürssen er eit solid verftskonsern der vi har inngått samarbeidsavtale rundt yacht-bygging og Åge Remøy kjenner vi godt til frå før som ein som er opptatt av å skape aktivitet og verdiar i regionen.
- Samla er dette ei god løysing med kompetent kapital.
I intervjuet seier ho at Kleven-familien vil vere godt synleg framover.
- Ja, det er vi som i dag er assosierte med merkenamnet Kleven, og dei nye eigarane ønskjer at vi skal vere aktivt med vidare. Dette er også viktig for dei tilsette og samfunnet rundt.

Brubygging som nytt bein

Men sjølv om Petter Stordalen har gjort det klart at han er ein langsiktig investor i det han karakteriserer som eitt av verdas beste skipsbyggingskonsern, vil endringar på nytt skje. Mellom anna er dei nye Kleven-eigarane samde om at det litt fram i tid kan vere aktuelt med børsnotering.
- Dette er eit naturleg grep for å få likviditet i aksjen, men då bør vi nok ha fleire bein å stå på. Kanskje vil eitt bein vere innanfor brubygging?
- Uansett er no hovudfokuset på å tene pengar og få til ei sunn og god drift, seier Kjersti Kleven.

Verdsett kompetanseberar

Den tidlegare styreleiaren i Norsk Industri gler seg over at stadig fleire no trekkjer fram verftsnæringa som ein viktig kompetanseberar.
- Dette var på tide, for det finst enormt med viktig kompetanse i norsk verftsnæring. Difor har eg også god tru på både Kleven og norsk verftsnæring vidare framover.
- Det skal byggjast mange nye skip, og vi skal vere med på det.
- Dette er ikkje slutten. Soga held fram.
Det skal byggjast mange nye skip, og vi skal vere med på det

Publisert: 06.12.2017 10:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16