Feirar daap og nye kontraktar
MEIR NYBYGG: To-tre båtar kvart år skal byggast dei neste fem åra, sa Sølvtranssjef Roger Halsebakk til NETT NO i august i år. No har han fyllt opp kvoten for 2022.
Nytt

Feirar dåp og nye kontraktar

I dag feirar dei dåpen av brønnbåten Ronjafisk. I går skreiv Sølvtrans og Aas Mek. Verksted kontrakt på to nye brønnbåtar.

14.12.2019
6. desember lova Sølvtranssjef Roger Halsebakk at reiarlaget vil skrive kontrakt på minst eitt nybygg før året er omme. No har han innfridd lovnaden.
Aas Mek. Verksted på Vestens skal bygge to brønnbåtar med ein lastekapasitet på 3000 kubikkmeter kvar. Dei skal leverast i 2022 og prisen per båt er 330-350 millionar kroner i følgje Halsebakk.

Mange gangar større

I dag feirar reiarlag og verft dåpen av Ronjafisk ved hovudkontoret til Sølvtrans i Ålesund. Den har same namn som det første nybygget Sølvtrans bestilte, i 1996. Storleiken på dei to båtane illustrerer utviklinga i brønnbåtbransjen. Den første båten hadde ein lastekapasitet på 337 kubikkmeter, den som blir døypt i dag har ein lastekapasitet på 2500 kubikkmeter.
Den første Ronjafisk er framleis i drift, har vore verda rundt og er i dag drive av eit brønnbåtreiarlag i Russland.

Båtar på rekke og rad

Denne helga er den andre på rad med skipsdåp for Sølvtrans, som nyleg også har fått overlevert ein tredje, verdas største brønnbåt, Ronja Storm.

I 2018 hadde Sølvtrans 814 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 388 millionar kroner.

Publisert: 14.12.2019 17:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47