Feirar 10 aar med nye stillingar
GRATULERER: Ordførar i Vågsøy kommune, Kristin Maurstad og dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi P. Humborstad gratulerer jubilanten. <strong> </strong>Frå venstre; Odd Rune Hegglund, Silje Lekanger, Andre Høydal, Kristin Maurstad, Borys Sukhanyk,Per Jørgen Silden og Randi P. Humborstad. 
Nytt

Feirar 10 år med nye stillingar

Skipskompetanse i Måløy treng fleire folk.

24.05.2017
Skipsdesignselskapet i Måløy har nettopp tilsett tre nye medarbeidarar, og er kome opp i 13 personar. No er dei på jakt etter ei teknisk teiknar til.
Firmaet feirar 10 år i år, og denne veka fekk grunnleggar Per Jørgen Silden blomster og gratulasjonar frå Vågøysordførar Kristin Maurstad og Nordfjord Vekst-sjef Randi P. Humborstad.
Selskapet fekk nyleg oppdraget med å teikne to større fiskebåtar som skal byggast hos Stadyard.

Silden seier det er interesse for å bygge fiskebåtar i marknaden.
- Vi jobbar på eit par prosjekt til, seier han.
Fiskebåtar er mest i vinden, men Skipskompetanse arbeider og med moglege prosjekt som gjeld andre typar farty, i følgje Silden.

Publisert: 24.05.2017 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10