Fauske tek over i MMC First Process
SKIFTE: Petter Leon Fauske (t.v.) og Leif Gjelseth i MMC First Process under oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim i fjor. No bli Fauske toppsjef.
Nytt

Fauske tek over i MMC First Process

Petter Leon Fauske blir ny toppsjef i MMC First Process.

16.04.2018
Då MMC og First Process slo seg saman i fjor blei MMC-sjef Leif Gjelseth (61) sjef for det samanslåtte selskapet MMC First Process medan Petter Leon Fauske blei viseadministrerande direktør.
No blir Gjelseth rådgjevar, medan Fauske tek over leiarjobben, .

Styrka seg saman

MMC og First Process lagar begge utstyr og anlegg til fiskeindustri og oppdrettsbransjen. Samanslåinga til MMC First Process i fjor skapte eit selskap med større tyngde i marknaden og eit selskap med større produktportefølje enn dei to selskapa hadde kvar for seg.

MMC First Process er ein del av Havyard-konsernet og var eitt av forretningsområda som bidrog til å trekkje Havyard-resultatet oppover i fjor.

Produktutvikling

Gjelseth skal jobbe med produktutvikling i sin nye jobb.
- Det kjennes rart no når eg har overlatt roret til andre etter så lang tids leiarskap, men no kan eg fokusere på det eg likar best, å løyse problem for kundane våre. Eg veit at selskapet vil vere i gode hender når Petter Leon Fauske, som bygde opp First Process, no tek over, seier Gjelseth på selskapet si nettside.

Publisert: 16.04.2018 13:28

Sist oppdatert: 06.07.2021 15:12