Fast jobb for Agnes Gundersen
TOPPSJEF: Agnes Gundersen er forskar på professornivå og har vore dagleg leiar for Møreforsking Ålesund sidan 2018. No er ho blitt sjef for heile Møreforsking-konsernet.
Nytt

Fast jobb for Agnes Gundersen

Møreforsking-styret brukte ikkje langt tid på å bestemme seg. Agnes Gundersen er fast tilsett i jobben.

22.01.2018
Gundersen blei først konstituert som Møreforskingsjef etter at Elisabeth Maråk Støle sa opp for å bli sjef i det nye forskingselskapet Norce. Etter få dagar jobben på permanent basis.
- Eg vil fortsette det gode arbeidet som vi er i gang med no, vere relevant for regionen samtidig som vi er ein forskingsaktør både nasjonalt og internasjonalt, seier Gundersen.
- Vi har valgt den faglege tyngda og hennar gode og inngåande kjennskap til Møreforsking over lang tid, seier styreleiar Stein Berg Oshaug i Møreforsking om bakgrunnen for tilsettinga av Agnes Gundersen.


Utvidar

Gundersen tek over eit forskingsinstitutt i vekst. Nett no har datterselskapet Mørforsking Ålesund fire nye stillingar som skal fyllast, alle retta mot forsking innan ulike felt knytt til fiskeri og havbruk.
Økonomien i konsernet, som består av datterselskap i Ålesund og Molde, er betre enn på lenge.
- Vi har snudd. Vi har omstilt oss. For 2017 ligg begge forskingsselskapa an til å gå i pluss og det er veldig bra, seier Gundersen.

To jobbar

Gundersen skal halde fram som leiar for Møreforsking Ålesund samstundes som ho er leiar for konsernet.
Ho skal og arbeide ein del med forsking, mellom anna som leiar for eit stort internasjonalt klimaprosjekt for å kartlegge økosystemet utanfor Aust-Grønland, og blant anna måle korleis variasjon i havtemperaturar påverkar samansetting av fiskeslaga i økosystemet og kor robuste dei er.
Prosjektet starta i 2016 og varer ut i 2019.

Raskare forsking

Eit gruppe i sekretariet frå regjeringsutvalet Digital 21 møtte i førre veke fleire representantar frå næringslivet på Nordvestlandet for å få innspel til korleis regjeringa kan legge til rette for forsking og utvikling som skal hjelpe næringslivet i å digitalisere verksemda si.
Eitt sentral poeng i tilbakemeldingane var at næringslivet ønskjer at forskinjgsprosjekt må gå raskare, sa sekretariatsleiar Tron Moengen til NETT NO etter møtet.

Det er eit ønskje som Gundersen kjenner att.
- Det møter vi heile tida, seier ho.
Det er og eit ønskje Møreforsking arbeider for å etterkome, mellom anna for å kunne kome med forskingresultata når dei er relevante. Men ein av dei største flaskehalsane - etter Gundersen si vurdering - er at det tek lang tid å skrive og behandle søknadar om finansiering av forskingsprosjekt. Den tidsbruken har ikkje Møreforsking kontroll over.
- I dei mest ekstreme tilfella har vi vore oppe mot eitt år, seier Gundersen om behandlingstida for å få finansiert forskingsprosjekt.

Fisk og marinbiologi

Gundersen har vore tilsett i Møreforsking sidan 1993, og dagleg leiar for Møreforsking Ålesund sidan 2016.
Ho er Forskar 1, tilsvarande professornivå med dr.scient.-grad frå Universitetet i Bergen Institutt for Fiskeri- og Biologi 2004.
Møreforsking er eigd av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Høgskulen i Molde, Høgskulen i Volda og NTNU.

Publisert: 22.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17