Farstad snusar paa oppdrett
TEST: "Far Server" ved Fjordlaks sitt anlegg i Liabygda. Testar ut om skipet kan brukast som plattform for avlusningsanlegg i oppdrettsnæringa.
Nytt

Farstad snusar på oppdrett

Farstad Shipping og Fjordlaks har alliert seg for å teste ut bruk av offshoreskip i oppdrettsnæringa.

30.04.2016
Ved Fjordlaks sitt oppdrettsanlegg ved Liabygda i Storfjorden låg tidlegare i veka plattformforsyningsskipet "Far Server". Det er ein ideell plass å eksperimentere med alternativ bruk av offshoreskip. Terrenget går bratt ned i sjøen. Først når du stoggar bilen og lener deg over rekkverket ser du båten og oppdrettsanlegget langt der nede.
Både Fjordlaks og Farstad Shipping stadfestar at dei samarbeider om prosjektet. Om nokre månader blir det gjort opp status, og avgjort om det skal satsast vidare.
- Dette er eit bevis på det vi går rundt og snakkar om elles, handlekrafta i det maritime clusteret på Møre, seier konsernsjef Karl-Johan Bakken.

Testar avlusing

"Far Server" blir brukt som plattform for eit anlegg som skal brukast til avlusing av fisken, og har vore innom fleire av Fjordlaks sin oppdrettsanlegg i Storfjorden.
Fordelen med å har avlusingsanlegget på båt er at det er lett og kjapt å frakte til neste anlegg straks jobben er gjort.
Spørsmålet er om det er lønsamt å bruke eit offshorefarty til ein slik jobb, eller om driftskostnadane blir for høge.

2010-skip

Far Server blei bygd hos Fjellstrand i 2010 og har eit dekk på 800 kvadratmeter.
Far Server blei lagt i opplag i mai i fjor, samstundes som reiarlaget sa opp 35 sjøfolk. Det var den første oppseiinga av sjøfolk etter at oljeprisen starta å falle sommaren 2014.

Publisert: 30.04.2016 16:22

Sist oppdatert: 05.11.2021 10:05